Hopp til innhold

Ber statsråden sikre samarbeid

Kunnskapsministeren fekk klare meldingar då han besøkte høgskulen i Ålesund tysdag. Frå fleire hald kom det krav om at regjeringa må sikre ein høgskulestruktur som fremjar samarbeidet med næringslivet

Torbjørn Røe Isaksen

Kunnskapsministeren fekk mange innspel under møtet i Ålesund tysdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Røe Isaksen møtte representantar for både næringslivsleiarar og forskingsmiljø under møtet i går. NHO-president Tore Ulstein meiner regjeringa må finne finansieringsmodellar som fremjar samarbeidet betre enn i dag.

Tore Ulstein

Tore Ulstein er president i NHO. Han meiner regjeringa må sikre samarbeid mellom forsking og næringsliv.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg trur det er viktig å finne måtar å måle og premiere satsingar mellom forskingsmiljøa og industrien, seier han.

Han meiner slikt samarbeid bør vere meir lønsamt enn i dag og vise att i løyvingane til høgskulane.

– I dag er det akademiske prestasjonar og publikasjonar i tidsskrift som tel, og då blir det meir eit forstyrrande element å også skulle jobbe mot næringslivet. Vi må finne måtar der det blir fornuftig og lønsamt å jobbe på den måten, seier Ulstein.

Vil satse på meir samarbeid

Torbjørn Røe Isaksen

Statsråden besøkte fleire miljø i Ålesund under besøkte tysdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kunnskapsministeren fekk innføring i korleis høgskulen i Ålesund har utvikla samarbeid med aktørar i næringslivet. Han er samd i at dette er ei viktig satsing for framtida.

– Vi har lagt fram ei langtidsmelding for forsking som har det som eitt av dei aller viktigaste måla, altså at vi skal ha meir samarbeid mellom næringsliv og høgskular.

Han viser også til at det er foreslått eit nytt finansieringssystem for høgskulane.

– Der er også det å gjere det lønsamt å samarbeide med næringslivet eit viktig prinsipp, seier Røe Isaksen.