Hopp til innhold

Molde-ordførar er splitta i synet på opa høyring

I dag bestemte Kontroll- og konstitusjonskomiteen at helseministeren må møte til opa høyring på Stortinget for å kome til botns i den bråkete sjukehusstriden. Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, ser at det kan vere nødvendig med ei høyring.

Torgeir Dahl

Ordførar Torgeir Dahl ser behovet for ei opa høyring, men er splitta i avgjerda til Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det er så mange ulike påstandar og hypotesar der ute at ei opa høyring er kanskje det beste, seier Dahl.

Han innrømmer likevel at han er splitta i avgjerda til Kontroll- og konstitusjonskomiteen, og meiner at det formelt sett er feil av komiteen å gå vidare med saka.

– Kontroll- og konstitusjonskomiteen si oppgåve er å etterprøve om statsråden eller eventuelt forvaltninga har gjort ting etter loven. No blir det ei opa høyring der ulike aktørar blir spurt om sine roller, seier ordføraren.

Påstandar om press og uriktige prosesser

Striden om det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal spissa seg til etter ei roleg jul, og det er no er klart at helseministeren må svare for seg.

Frå enden av bordet i eit rom ved Komitéhuset fortalde leiaren av Kontroll- og konstitusjonskomiteen, Martin Kolberg (Ap), at dei ynskjer ei opa høyring, blant anna for å få fleire svar på kva som har skjedd mellom de ulike leiarane i helseføretaka og Bent Høie.

Fleire påstandar om press og uriktige prosesser skal vere ein av grunnane til at Høie må til høyring.

– Det er statsråden som står ansvarleg når han forsvarer seg. Og dersom han forklarer seg uriktig kan det få konstitusjonell konsekvensar, seier Dahl.

Han trur likevel ikkje at ei opa høyring betyr at alle korta kjem på bordet i sjukehussaka.

– Andre aktørar må ikkje forklare seg under Ed, så sann sett er ikkje dei ansvarleg for anna enn det dei seier i ei slik høyring. Det betyr at det framleis kan vere fleire ubesvare spørsmål etter ei slik høyring, seier han.

Trur ikkje det kjem noko nytt

Sjukehussaka har skapt heftige diskusjonar den siste tida. Men historia til konflikten går langt tilbake. Ifølgje Dahl meiner han og Romsdal Regionråd at når det fyrst er vedtatt å ha høyring, så må komiteen også sjå på korleis tidlegare statsrådar har jobba. Han trekker fram blant anna Jonas Gahr Støre og Anne Grete Strøm Erichsen.

– Det er tydeleg at ein må gå tilbake å sjå på korleis andre statsrådar har gjort det. Helseføretakslova har ikkje endra seg sidan den gong. Slik eg ser det er denne problemstillinga så langt ikkje avklart, så det er eg litt spent på, seier han.

Ordføraren trur ikkje at det vil kome fram noko nytt av høyringa, men håper likevel at høyringa kan føre til større openheit rundt kva som har skjedd. Sjølv har han reagert på eit krav om å fremje epostar ved å legge fram alt. No ynskjer han at fleire gjer det same.

– Det var eit forsøk på å gå lenger enn det eg er forplikta til å gjere. Eg har ingenting å skjule. Det hadde vore positivt om fleire gjorde det same slik at vi fekk ein større openheit rundt denne prosessen og kanskje fekk avklart ein del av dei påstandane som framleis finst, seier han.

Dahl trur likevel ikkje at høyring vil gi forseinkingar i prosessen med å bygge eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal.

– Nei, det valet har blitt tatt. Martin Kolberg var også tydeleg på dette. Dette skal ikkje vere ein diskusjon rundt lokalisering, men om prosessen, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL