Hopp til innhold

Skal utvikle morgondagens sjukeheim

Rokilde sjukeheim i Kristiansund får nærare 600 000 kroner i innovasjonsstøtte for å setje ein ny og høgare standard for sjukeheimar i Noreg.

Rokilde sykehjem

Rokilde sjukeheim i Kristiansund får innovasjonsstøtte for å setje ein ny og høgare standard for sjukeheimar i Noreg.

Foto: Anne Mari Flatset

Sjukeheimen er ein av tre helseprosjekt som får midlar frå Designdrevet innovasjonsprogram (DIP) for å utforske korleis dei kan levere betre og meir effektive helsetenester.

– Midlane er ei fantastisk julegåve, det skal bli kjempespennande å gå inn i det nye året med dette prosjektet, seier Stephanie Helland, einingsleiar ved Rokilde sjukeheim.

Tidlegare i år har 18 prosjekt, hovudsakleg frå næringslivet, mottatt 7 millionar kronar gjennom DIP. Programmet drivast av Norsk design- og arkitektursenter, som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet. Det nye tidstjuvinitiativet finansieres derimot av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Morgondagens sjukeheim

Midlane har dei tenkt å bruke på prosjektet «Morgondagens sjukeheim, viss pasienten fekk bestemme». Innovasjonsstøtta skal blant anna hjelpe sjukeheimen med å kartlegge arbeidsoppgåver og definere roller og ansvar blant dei tilsette og interne samarbeidspartnarar i kommunen.

Stephanie Helland

Stephanie Helland meiner det er på tide å tenke nytt.

Foto: privat

Prosjektet utviklast i samarbeid med tenestedesignarar og målet er å utvikle ein heilt ny organisasjonsmodell med nye løysingar som vil sette ein høgare standard for sjukeheimsdrift i Noreg. Helland seier dei satsar på oppstart allereie i januar 2015.

– Vi ynskjer å kome i gong så fort som råd, og reknar med å avslutte prosjektet i løpet av året, seier ho.

Helland meiner innovasjonsstøtta er viktig for å gi pasientane ein meir meiningsfull kvardag. Ho seier dei ikkje kunne tatt på seg prosjektet dersom dei ikkje hadde fått støtte.

– Innovasjonsstøtta betyr alt. Det gir oss moglegheit til å skape ein meir brukarstyrt sjukeheimsteneste som aukar verdien for dei som bur på heimane, seier ho.

Fjerne tidstjuvar

Ein stadig eldre og sjukare befolkning betyr at helsestellet har enorme utfordringar i tida som kjem. Hellan meiner det trengst nytenking i norske sjukeheimar.

– Mange pasientar opplever keisame og lite meiningsfulle dagar med låg grad av påverknad. Dei tilsette føler ofte frustrasjon over å ikkje klare å møte pasientane sine forventningar, samtidig som sjukeheimane stadig påleggjast budsjettkutt. Det er på høg tid å tenke nytt, seier ho.

Hellan nemner utdanning av nok helsepersonell som ei av dei størte utfordringane knytt til framtidas helsestell. Ho meiner det er avgjerande å identifisere og luke bort tidstjuvar slik at resursar kan nyttast maksimalt.

– Det er viktig å få rett kompetanse på rett stad til rett tid, seier Helland.