Hopp til innhold

Nordmørstoppar vil ha open høyring

Kommunane på Nordmøre ber Kontrollkomiteen vurder open høyring dersom det kan kaste lys over fleire forhold i sjukehussaka. Brev til komiteen blir sendt i dag.

Ingunn Golmen

Ingunn Golmen samordnar arbeidet på Nordmøre for å få sjukehussaka til Stortinget for open høyring.

Foto: Trond Vestre / NRK

Når nordmørskommunane no ber om open høyring i sjukehussaka, inneber det at alle dei involverte partane blir kalla inn og fristilte frå teieplikta. Det som då kjem fram, kan til slutt ende som ei sak for Stortinget.

– Det som har skjedd er så alvorleg, at vedtaket om å legge sjukehuset til Opdøl kan bli nullstilt, seier Ingunn Golmen. Ho er leiar i ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre.

Dei forventar no at kontroll- og konstitusjonskomiteen tek grundig tak i saka.

Fakta på bordet

– Vi krev for det første alle fakta på bordet. Så ber vi om ny behandling av saka. Det inneber at vedtaket må gjerast om. Vi vil ha ny behandling heilt frå det lokale helseføretaket og oppover i systemet. Det kan også bety resultatet på tomtevalet blir eit anna, meiner Golmen.

Ho kommenterer også stillinga til Stein Kinserdal, styreleiaren i Helse Møre og Romsdal, som seier til NRK at han vil bruke jula på å vurdere om han skal trekkje seg eller ikkje.

– Det får vere hans vurderingar, men vi ser jo at det kunne vore greitt med nystyreleiar i det lokale helseføretaket. Men likevel trur eg ikkje det mest avgjerande at Kinserdal går eller ikkje. Andre i systemet er kanskje viktigare enn han, seier Golmen.