Hopp til innhold

Politiloggen: Festbråk og fyll

Politiet har hatt nok å henge fingrane i, som vanleg natt til laurdag. Dei fleste meldingar har handla om fyll og bråk.

Politi

Politiet har måtte ta hand om fleire overstadig rusa personar natt til laurdag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I Kristiansund starta natta med eit biltjuveri.

Laster Twitter-innhold

Like over midnatt blei to menn i 20-åra i Molde melde til politiet for å ha oppbevart narkotika.

Politiet rykte så ut til melding om festbråk i eit utleigelokale i sentrum av byen, men dette hadde stilna før patruljen kom fram.

Like etter blei ein person vist vekk frå ein utestad i Kristiansund og måtte køyrast heim av politiet. Ein annan overstadig rusa person blei køyrt heim litt seinare.

Ein brannalarm i Molde viste seg å ha ei naturleg forklaring.

Laster Twitter-innhold

Fleire meldingar om bråk

Heller ikkje på Sunnmøre har det gått fredeleg for seg.

Like etter midnatt måtte politiet ordne opp etter meldingar om bråk ved ein utestad i Haram.

Like etter måtte ein politipatrulje stenge av stereoanlegget i ein privat bustad i Ulstein for at naboane skulle få sove. Eigaren fekk ei åtvaring.

I Ålesund tok politiet han om ein rusa person i indre bydel som etter kontroll hos legevakta måtte overnatte i arresten.

På Moa blei ein bilførar i 30-åra stansa etter vinglete køyring ved totida natt til laurdag. Etter å ha blåst raudt i kontrollen måtte han parkere bilen og leverer frå seg førarkortet.

Seinare på natta blei ein mann i 30-åra pågripen etter å ha oppført seg kranglete i sentrum. Han blei tatt med til legevakta for sjekk og vist bort frå sentrum.

I Ålesund gjekk ein mann i løpet av natta laus på ein bil.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL