Hopp til innhold

Får refs for forhold til klient

Ein sosionom frå Sunnmøre får kraftig refs frå Helsetilsynet for å ha innleia eit privat forhold til ein brukar. Åtvaringa er det strengaste Helsetilsynet kan gi personar som ikkje er autorisert.

Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn har gitt mannen ei åtvaring.

Foto: Christian Thomassen / SCANPIX

Cato Innerdal, assisterende fylkeslege i Møre og Romsdal .

Cato Innerdal er assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal. Han seier dei ser alvorleg på slike saker.

Klienten var brukar av dagsenteret der kvinna arbeidde. Ifølgje tilsynet hadde kvinna rolle som behandlar for mannen då forholdet starta. Assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, Cato Innerdal, seier dei reagerer sterkt.

– Slike forhold er i strid med all yrkesetikk og helselover, seier Innerdal til NRK.

Dei to skal ha møttest private i fleire månader, også heime hos mannen, noko kvinna har vedgått.

Innerdal seier dette er klare brot på reglar og rutinar. Helsetilsynet meiner også kvinna med dette har vist manglande rolleforståing og forståing for brukaren sin situasjon.

–Generelt ser vi i tilsynet alvorleg på det når nokon ikkje er bevisste på å skilje mellom private og profesjonelle roller. Og forhold til pasientar og klientar er absolutt noko helsepersonell skal avstå frå, seier Innerdal.

Har slutta i jobben

Sosionomen jobbar ikkje lenger ved dagsenteret og har også avslutta arbeidsforholdet til etaten har var tilsett i. Om den strenge påtalen seier Innerdal at dette er eit klart signal.

– Det i seg sjølv er eit signal til denne arbeidsgjevaren og også til framtidige arbeidsgjevarar, seier Innerdal.