Væpna politi arresterte mannen etter at han hadde oppført seg aggressivt med kniv i sentrum. Han skal ha stole to syklar og sprunge etter ein annan mann med kniv.
Operasjonsleiar Trygve Ødegård fortel at politiet overmanna han etter nokre minutt.
Skadd
Ingen vart skadde, men mannen hadde påført seg sjølv skader i ei hand.
Mannen, som var sterkt rusa, blei difor køyrt til lege for behandling, opplyser politiet.