Hopp til innhold

Trur Molde kan bli utan flyplass

Molde kan bli utan flyplass i framtida. Det trur professor Frode Steen ved Norges Handelshøyskole. Nye vegprosjekt gir kortare reisetid, og dermed kan behovet for fire flyplassar bli mindre.

Eksterøiørt Molde flyplass Årø

Flyplassen i Molde blir utfordra av nye reisevanar i framtida.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ferjefri E39 over Moldefjorden

Eit ferjefritt E39 vil føre til endringar i måten folk reiser på.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Folk i Møre og Romsdal er godt vane med å ha ein flyplass ikkje langt heimanfra. Fire flyplassar sørger i dag for at folk blir frakta fram og tilbake, men slik blir det ikkje nødvendigvis i framtida. Nye store vegprosjekt og ferjefrie fjordkryssingar kan føre til endringar også for flyplassane.

Vigrakonferansen

Næringsliv, politikarar og fagfolk samla til Vigrakonferansen i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I dag var politikarar og næringsliv samla i Ålesund til ein konferanse om framtida for flyplassen på Vigra. Også utsiktene for heile fylket var tema, og professoren var klar på at vi ikkje kan vente oss at det blir like mange flyplassar i framtida.

Frode Steen, professor ved Norges Handelshøyskole

Frode Steen er professor ved Norges handelshøgskole.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi veit at det i framtida kjem til å vere ein times reisetid mellom Molde og Ålesund. Då er det ikkje unaturleg å tenke seg at ein konsekvens er ein stor flyplass i Ålesund og ingen i Molde, seier Steen til NRK

Han viser til at passasjertala for Vigra er dobbelt så store som for Molde og at det difor er sannsynleg at det er den som i så fall blir vidareført.

Trur Ørsta/Volda vil leve vidare

Steen meiner altså at både Ålesund og Kristiansund vil leve vidare og viser til Kristiansund sin posisjon når det gjeld trafikk til og frå Nordsjøen.

Når det gjeld framtida for flyplassen i Østa/Volda, trur han den vil vere avhengig av kva som skjer i Sogn og Fjordane. Han meiner likevel flyplassen har livets rett.

– Det blir kort avstand mellom Sandane og Ørsta/Volda, og då er det naturleg å tenkje seg at det er Ørsta/Volda som lever vidare, seier Steen.

– Naturleg at E39 gir endringar

Charles Tøsse

Charles Tøsse er fylkesordførarkandidat for Høgre.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Høgre sin fylkesordføararkandidat Charles Tøsse gir professoren rett i at det endringar i vegsambanda vil ha stor innverknad.

– Det som er ganske sikkert er at når E39 kjem, så vil det ha stor innverknad på annan type infrastruktur, seier Tøsse.

Moldeordførar Torgeir Dahl ønskjer ikkje å kommentere innlegget frå NHH-professor Frode Steen torsdag kveld.

  • Sjå tv-innslag her:
    Ein professor trur ikkje det vil vere grunnlag for å drive flyplass i Molde når nye samband står klare i framtida.