Hopp til innhold

Kritisk til stordrift på gardane

Regjeringa vil ha stordrift på gardane, men Møre og Romsdal fylkeskommune trur ikkje det alltid er løysinga. Dei ynskjer å ta vare på bøndene som driv smått.

Nyfjøsen på Aarstad har liggebåser for 56 kyr.

Denne fjøsen er ny og har liggebåsar for 56 kyr. Fylkeskommunen ynskjer at landbruket skal ha plass til bønder som ikkje driv stort også.

Foto: Picasa / NRK

I eit innspel til jordbruksforhandlingane krev fylkeskommunen ein landbrukspolitikk tilpassa regionale tilhøve, der det er lønsamt å bruke lokalprodusert fôr. Typisk for gardsbruka på Vestlandet er at dei er små. Bøndene som satsar på større volum er heilt avhengige av å leige jord. Dermed må møkk og gras transporterast over store avstandar.

– Dei signala regjeringa gir er at det skal produserast meir og landbruket skal bli meir effektivt. Det er utfordrande for vårt fylke, seier Eivind Vartdal Ryste. Han er seksjonsleiar i fylkeskommunen.

LES OGSÅ:

Bøndene sluttar

Eivind Vartdal Ryste

Eivind Vartdal Ryste er seksjonssjef i fylkeskommunen. Han ser at det er vanskeleg å effektivisere fôrproduksjonen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Vestlandsfylka står for 40 prosent av mjølkeproduksjonen i landet og 45 prosent av sauehaldet. Sidan tusenårsskiftet har talet på mjølkebønder blitt meir enn halvert. Nesten dagleg vert gardsbruk lagt ned og mykje jord blir tatt ut av produksjon. Mange bønder har effektivisert drifta inne i fjøset med mjøkerobotar, som kan mjølke 50–60 kyr.

– Vi har greitt å halde oppe produksjonen, men det er ei grense for kor lenge ein klarer det, seier Ryste.

Store avstandar

Å rasjonalisere fôrproduksjonen er ikkje enkelt.

– Vi har små teigar og det er langt å køyre med traktor. Avstanden er hovudproblemet, seier Ryste.

Møkk skal fraktast ut og gras skal køyrast tilbake. Dermed er ikkje enkelt for andre bønder å ta over arealet som ligg spreidd utover.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner bøndene må få rammevilkår som gjer det mogleg å drive med færre kyr. Innspelet vert sendt til jordbruksforhandlingane.