Hopp til innhold

Biskop: – Det er greitt å tigge utanfor kyrkja

Fungerande mørebiskop Olav Gading seier at tiggarar bør bli tatt vennleg imot, på same måte som andre som kjem til kyrkja.

Tigger ved domkirketrappa

Illustrasjonsbilde.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Fleire kyrkjer i Møre og Romsdal har opplevd at tiggarar sit utanfor kyrkjebygget for å tigge. Ved nokre tilfelle har tiggarane også gått inn i kyrkja for å tigge om pengar under gudstenester og gravferder.

Mange av kyrkjelydane har fått reaksjonar på desse situasjonane. Dette har spesielt vore eit problem når det har blitt tigga i gravferder.

Problemstillinga har vore vanskeleg for sokneråda, men no får dei ei klar oppmoding frå mørebiskopen.

I desemberutgåva av kyrkjebladet Glød fortel Gading at han vil rå kyrkjelydane å tillate tigging ved kyrkjene.

– Vi må tole å sjå urett

Olav Gading

Mørebiskop Olav Gading vil tillate tiggarane å sitje utanfor kyrkjene å tigge.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kyrkja er vertskap for fleire ulike arrangement, blant anna bryllaup, dåp, gravferder, konsertar, gudstenester, korøvingar og andre meiningsaktivitetar. Gading meiner at ein ikkje kan skilje mellom når tigging er lov eller ikkje.

– Tigging utanfor kyrkjene bør gjelde alle arrangement, seier han.

Han har forståing for at mange blir provosert av tigginga, men meiner at tiggarane bør bli tatt vennleg imot, på same måte som alle andre. Mørebiskopen er klar på at folk må tole å sjå kor urettferdig verda kan vere.

– Alle menneske har det same menneskeverdet. Eg kjenner sjølv at det er ubehageleg, men det viser at verda er urettferdig, og det må vi tole, seier han.

Utanfor kyrkja

Dagleg leiar i Spjelkavik kyrkje i Ålesund, Hans Roar Aas, er samd i det mørebiskopen seier, og legg spesielt vekt på at alle skal vere velkomne.

– Vi er spesielt opptatt av å ha miskunn som grunnlag for alt vi gjer, seier han.

Men Aas innrømmer at grensa for tigginga går ved dørstokken. Han har opplevd at tiggarar har gått mellom benkeradene for å spørje om pengar.

– Tiggarane må gjerne sitte utanfor kyrkja, men vi ynskjer ikkje at dei skal kome inn i sjølve kyrkjerommet og tigge under ulike arrangement og gudstenester, seier han.