Hopp til innhold

Eirik og Chris: Fann tonen med KORK

Åtte år gamle Eirik Stave og hiphoparen Christoffer Masters imponerte mange i programmet «Da KORK kom til bygda». Laurdag var det premierefest i kinoen i Ulsteinvik, og då kunne dei ikkje dy seg for å improvisere enda litt meir i lag.

Talentene Eirik og Chris er enige i at ting blir litt annerledes etter "Da KORK kom til bygda". Etter premierevisningen på kinoen i Ulsteinvik spilte og improviserte de sammen.

Eirik og Chris fann tonen under innspelinga av «Da Kork kom til bygda». Slik blir det når dei to improviserer for publikum. Foto: Remi Horgar og Mari Mehus (NRK).

På ei veke laga dei profesjonelle musikarane ei konsertoppleving saman med lokale talent. Først ut var Ulsteinvik, og laurdag kunne folk over heile landet oppleve resultatet på NRK1. To av talenta var altså åtteåringen frå Ørsta og 21-åringen frå Flø.

For Masters fekk opplevinga ein ekstra dimensjon: Faren som han ikkje hadde sett på to år kom overraskande frå USA for å vere med på konserten.

– Det var jo heilt supert å sjå han att, og vanskeleg å skildre, seier Masters til NRK.

– Denne konserten var første gang han såg meg på scena, så det kunne ikkje ha passa betre.

Dei nytta høvet til å improvisere litt i lag då det var premiere på programmet "Da KORK kom til bygda".

Foto: Remi Horgar og Mari Mehus (NRK).

– Vil erobre verda

Opptaka vart gjort tidlegare i år, og då dei to talenta møttest igjen til premieren i helga, var dei altså ikkje seine om å skape spontan musikk i lag.

Sjølv om dei to improviserer som gamle kjente, har dei svært ulike framtidsplanar. Stave fekk prøve seg som dirigent for KORK, og det har gitt meirsmak.

– Eg har ikkje « pepling » på kva eg skal gjere vidare med musikken, seier Stave. – Men eg veit at eg skal halde fram med å spele piano og dirigere.

Masters på si side er klar for å satse på musikken – og ta over verda.

– No har eg eit par singlar og musikkvideoar på veg. Så får vi håpe det blir suksess, seier Masters.

Sjå heile programmet her:

Da KORK kom til bygda er en musikalsk underholdningsserie i fem deler. Ingrid Gjessing Linhave, Linn Skåber, Leo Ajkic, Anne Rimmen og Hans Olav Brenner reiser land og strand rundt for å lage musikalsk bygdefest. På en knapp uke skal hver av dem få en gigantisk konsert opp og stå. Målet er å få tre lokale talenter til å skinne sammen med Kringkastingsorkesteret. I kveld reiser Ingrid Gjessing Linhave til Sunnmøre for å få en rapper, et ungt operatalent og en liten gutt på 8 år til å skinne sammen med KORK.(1:5)