Hopp til innhold

– Like stort kvar gong

Sjølv om Molde var i cupfinalen i fjor og etter kvart er ein veteran på Ullevål er det like stort kvar gong. Det meiner tidlegare formann i klubben Oddne Hansen.

Tidlegare MFK-formann trivst godt under cupfinalehelga

Oddne Hansen trivst i Oslo-gryta når det er cupfinalehelg. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Tingrettsdommaren er med i veteranklubben og sel gjerne både skjerf og andre klubbeffekter på dugnad.

Innimellom alle andre i blått på Youngstorget ruslar Hansen og nyt kvart eit minutt av folkefesten gjennom heile helga.

Han reknar med ein jamn kamp på Ullevål søndag, men har stor tru på at Molde skal ta heim sigeren for andre året på rad, og dermed sikre seg det andre nappet i Kongepokalen.

Fem titlar på fire år

Oddne Hansen var styreformann for Molde FK i perioden 2002-2009. Ein periode der klubben hevda seg bra, men aldri tok meisterskap.

Frå 2011 har titlane ramla inn i premieskapet og i morgon kan det verte den femte tittelen på berre fire sesongar.

Molde FK
Foto: Arne Flatin / NRK