Hopp til innhold

Seier frå seg godtgjersle etter «uheldig» Farmen-deltaking

Varaordførar Olav Harald Ulstein i Sykkylven seier frå seg godtgjersle frå kommunen i perioden han var med i Farmen. Det kjem fram etter eit møte mellom Ulstein og ordførar Petter Lyshol.

Olav Harald Ulstein

Varaordførar Olav Harald Ulstein i Sykkylven seier frå seg godtgjersla han fekk frå kommunen då han deltok i Farmen. Ulstein og ordførar Petter Lyshol seier i ei pressemelding at deltakinga var uheldig.

Foto: Brede Røsjø / NRK

I dag hadde ordførar Petter Lyshol og varaordførar Olav Harald Ulstein eit møte etter oppstyret rundt varaordføraren si deltaking i realityprogrammet Farmen.

I ei pressemelding etter møtet går det fram at ordførar og varaordførar er samde om at «det er uheldig at varaordføraren vart brukt i samband med deltaking i Farmen.»

Ulstein har sagt frå seg den faste godtgjersla på 10 prosent i perioden då han var med i realityprogrammet. Etter kommunen sitt reglement er han ikkje pålagt å gjere dette.

Med dette legg Lyshol og Ulstein saka bak seg, ifølgje pressemeldinga.

Sterke reaksjonar

Det vart mykje oppstyr rundt varaordføraren etter at han kom med krasse karakteristikkar av ein av konkurrentane i tv-programmet, som vart sendt for nokre veker sidan.

Mange har i ettertid reagert på at ein varaordførar kom med slike karakteristikkar på tv. Olav Harald Ulstein seier sjølv at utsegna var klipte og limte slik at det kom feil ut på tv.

– Dei utsegna kom ikkje inn der dei skulle vere. Det er veldig vanskeleg for dei som ser programmet å skjønne kvifor eg seier dette på denne måten, sa varaordføraren frå Sykkylven for éi veke sidan.

Dårleg omdøme

Ifølgje sykkylvsordførar Petter Lyshol er det uheldig at varaordførar Ulstein vart titulert som varaordførar i tv-programmet.

– Enkelte trur at han deltek på vegne av oss. Ulstein står på eigne bein. Det set oss i eit litt ekkelt lys, og gir kommunen eit dårleg omdøme, har Lyshol tidlegare sagt til NRK.

Olav Harald Ulstein har sagt at han heller ville delta som privatperson med kunstnar som tittel, dersom han hadde fått velje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL