– Dette er heilt klart svært uvanleg.
Det seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet Geir Ottar Fagerli.
For mange har merka seg fønvinden som har varma Vestlandet i dag. Aller varmast har det altså vore på målestasjonane ved Brusdalsvatnet og Bingsa, men også fleire andre stader har det vore varmt.
Heile tre stader på Sunnmøre har sett temperaturrekord for november.
– Ja, både Ørsta/Volda med 19,2 grader, Svinøy med 17 grader og Linge med 17,9 har sett rekord for sine novembermålingar, seier Fagerli.
På Svinøy har det vore målt temperaturar sidan 1955, så dette er altså slett ikkje kvardagskost.
- Les også:
- Les også:
Skuldast lågtrykk i havet
Årsaka til varmen er eit kraftig lågtrykk i Atlanterhavet som fører med seg varm og fuktig luft frå sør på kontinentet. Dermed blir Vestlandet liggande i det meteorologane kallar ein varmluftssektor, seier Fagerli.
– Varmfronten passerte Møre og Romsdal i natt, men før kaldfronten ligg vi inne i varmlufta og det har ført til dei temperaturar vi ser no.
... og no kjem varmen nordover
Varmlufta er på veg nordover, det betyr at det kan bli temperaturar opp mot 18- 19 grader også lenger nord i fylket dei næraste timane.
Dermed kan det bli høge temperaturar både i Romsdal og på Nordmøre i ettermiddag.
– Det kan også bli høgare enn det, men det står att å sjå, seier Fagerli.
- Les også:
Etter varme kjem regn
Men den er ei kortvarig glede denne heiten, for regnet følgjer hakk i hel.
–Ja, vi ser at regnet kjem sigande rett i etterkant, seier meteorologen. – Så til kvelden vil nok temperaturen falle ned mot 10 grader igjen.
Trøysta er at det er venta ein ny varmfront og ei ny temperaturstigning i morgon, om enn ikkje like stor som i dag.
–I morgon vil temperaturane truleg kome opp mot 13 til 15 grader, og det er jo også høgt for november seier Fagerli.
Rekordar til trass – den høgaste målte temperaturen for Møre og Romsdal i november blei målt i Tafjord i 2003. Då var det heile 21 grader. I dag har Tafjord ikkje klatra høgare enn 17, 8 til no, så den rekorden står framleis.