Hopp til innhold

Her er politiet sine tips til Halloween

I kveld skal mange ut og skremme og har det moro. Politiet rår barn og vaksne til å vere fornuftige både med både knask og knep.

ALBANIA-HALLOWEEN-FEATURE

Sjølv om skremming og skumle effektar er tema for kvelden, meiner politiet at det skal vere hyggeleg å vere ute i kveld.

Foto: GENT SHKULLAKU / Afp

Politibetjent Arild Helland i Sunnmøre politidistrikt synest at Halloween skal vere gøy, og har nokre tips til korleis ein kan få ein trygg og fin Halloween.

Nokre kan tru at det er lov å leggje litt ekstra i skøyarstrekane på ein dag som dette, men politibetjenten understrekar at lova gjeld for alle, både med og utan kostyme.

1. Knep med måte

– Vi er ikkje så glad i knep som går på straffbare forhold. Det er dumt å øydeleggje framtida si på grunn av ein Halloween-spøk, seier han.

Helland har ikkje erfaring med at akkurat dette er eit problem, då dei fleste passar på å ikkje gå for langt med knepa.

– Dei som går frå dør til dør på Halloween er gjerne veldig unge og tenkjer gjerne ikkje på å gjere knep som er straffbare.

Knask eller knep

Mange barn er ute og samlar godteri i kveld.

Foto: Anders Tvegård / NRK

2. «Egging» er ulovleg

Ein gammal skøyarstrek i Halloween-samanheng er eggkasting. Arild Helland fråråder alle å gjere dette, då ein gjerne ikkje veit kva konsekvensar det kan få. Han legg til at «egging» kan vere ein straffbar handling.

– Egg er etsande og kan gjere skade på hus, bil og vindauge. Derfor er det rekna som skadeverk, og det må vi unngå.

3. Ikkje alle vil vere med

Sjølv om det er mange som synesat Halloween er moro, er det ikkje alle som vil vere med. Derfor finst det reglar for skikk og bruk på Halloween, som alle bør respektere:

  • Dersom eit hus har sløkt utelampen, vil dei ikkje ha besøk.
  • Sjølv om ein seier «knask eller knep» er det god folkeskikk å akseptere at nokon ikkje kan eller vil gi godteri.
  • Klokka 21.00 er Halloweenrunden ferdig.
  • Det er berre den 31. oktober ein går Halloween-rundar.

4. Ver tolmodig med barn som ringer på

I kveld er det mange små barn som skal ut og ringe på dører. Det finst ulike normer for korleis barna bør oppføre seg, men politibetjenten seier at det ikkje er noko gale med å ringje på hjå folk.

– Halloween er ein tradisjon som har kome for å bli, så at folk ringjer på døra må ein tole.

5. Tenk på tryggleiken til barna

Det viktigaste for Helland er at vaksne legg godt til rette for tryggleiken til barna som skal ut i haustmørket.

– Folk må legge til rette for at det er trygt for bran å gå ute. Ein må bruke refleks. I tillegg kan ein passe ekstra på når ein får delt ut godteri som ikkje er pakka inn, seier han.

Arild Helland

Arild Helland er politibetjent i Ålesund.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

6. Bli med barna ut

– Det er viktig at folk følgjer med så ikkje noko gale oppstår. Foreldre kan gjerne vere med ut og gå. I alle fall bør ein vere edru slik at ein kan hente barna sine dersom noko skulle skje, seier politimannen.

Og eitt tips til dei som skal ut på Halloween-fest:

7. Husk ID i kostyma

I dag er det også mange som skal ut på Halloween-fest. Helland og politiet i Ålesund har ikkje hatt problem med dårleg oppførsel på Halloween tidlegare, men oppfordrar folk til å huske å ha med seg alt ein treng, det er det mange som gløymer når ein er utkledd.

– Dei som skal ut på Halloweenfestar må ha med seg legitimasjon og bevis på at ein er over 18 år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL