Hopp til innhold

Travel veke for beredskapssenteret

Skredfaren i fjellet Mannen har gitt dei tilsette ved Åknes Tafjord Beredskap ei av dei travlaste arbeidsvekene nokon gong. Frå basen på Stranda har dei fulgt nøye med på kvar einaste milimeter rørsle.

Geolog Ingrid Skrede

Det har blitt mange timar med tolking av grafar for geologane i Åknes/Tafjord Beredskap den siste veka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Mannen i Rauma

Mannen har halde geologane i ande - og gjer det framleis.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Grafar for rørslene i fjellet

Det som elles er for små rørsler å rekne, er dramatisk når det er snakk om fjell.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Åknes/Tafjord berdskapssenter

Arbeidet som blir gjort på senteret har blitt allemannseige den siste veka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det handlar om milimeter når ein overvakar fjell. Einingar som elles blir rekna som ørsmå kan ha store konsekvesar for eit fjellmassiv.

På Åknes/Tafjord er dei vane med å tolke grafane og følgje med. Men det dei har sett på skjermane dei siste dagane er langt frå kvardagskost.

- Dette er eitt av radarbileta frå fjellpartiet ved Mannen, det viser dei samla rørslene sidan 6. oktober. Her ser vi at det i dette området har flytta seg mellom 160 og 180 miliometer. Det er svært mykje for eit fjell, seier geolog Ingrid Skrede.

Ho har brukt mange timar framfor skjermane dei siste dagane.

Har jobba døgnet rundt

Kjell Jogerud
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Frank Sve

Frank Sve er styreleiar i Åknes/Tafjord beredskap.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I tre veker har geologane på beredskap jobba døgnet rundt for å følgje utviklinga ved Mannen. Senteret skaffar seg no kunnskap om fjellbebvegelsar som heile verden kan få nytte av.

Mannen lar framleis vente på seg. Men sjølv om fjellet rører seg mindre enn for par døgn sidan, trappar senteret på Stranda ikkje ned av den grunn.

– Vi har ikkje senka beredskapsnivået, men rarporteringsfrekvensen ut blir lågare, seier dagleg leiar Kjell Jogerud.

Han seier dei no organiserer seg slik at nokon søv på dagen og nokon på natta, for at dei framleis skal kunne ha kontinuerleg overvaking gjennom døgnet,

Ventar at skredet øydelegg utstyr

Alt tyder på at det komande skredet kjem til å øydelegge måleutstyr og radaranlegg for nesten ein million kroner. Det betyr likevel ikkje at rørslene ikkje blir registrert. Dei har planen klar for å sikre videre overvaking av fjellet så raskt som råd.

– Når skredet har gått har vi utstyr klart i bilen og kan vere klare med nye målingar fem timar seinare, seier Jogerud.

Samlar viktig informasjon

Dei siste dagane har senteret har levert data til kriseleiinga i Rauma kommune nærmast kontinuerleg. Styreleiaren trur fleire med det har fått augene opp for det arbeidet senteret gjer.

– Eg trur nok dei aller fleste innser at dette er svært viktig for å sikre liv og helse i framtida for heile landet, seier Frank Sve til NRK.

Sjå tv-reportasjen frå beredskapssenteret her:

Rørslene i fjellpartiet ved Mannen i Rauma har gitt geologane ved Åknes/Tafjord beredskap uvanleg travle dagar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL