Hopp til innhold

– Lydar frå fjellet kjem til å avsløre skredet

Hastigheita på rørslene i fjellet Mannen er jamt høge, men sjefgeolog trur at dette vil akselerere før det venta skredet kjem. Etter det vil steinar losne.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.

Sjå direkte frå Mannen.

Ved Horgheim i Rauma er det regn i lufta og mildt ver. Dei siste målingane av fjellpartiet viser at det framleis er den same hastigheita i rørslene. Fjellmassane beveger seg rundt 7 mm i døgnet, og det har dei gjort dei siste tre vekene.

Det er lite truleg at skredet frå fjellet Mannen kjem i løpet av det neste døgnet, men dei neste 12 timane er det meldt meir nedbør og mot søndagen kraftig regn. Det betyr auka skredfare.

Akkurat no er det tre plussgrader på fjellet, men mot helga kan det bli kaldare og nedbøren kan kome ned som snø. Geolog Lars Harald Blikra seier at fjellet sjølv kan seie frå når skredet kjem.

Lars Harald Blikra sjefgeolog i Åknes Tafjord Beredskap

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i Åknes/Tafjord Beredskap trur målingane vert endå høgare enn dei er no.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Rørslene fortel at det ikkje har byrja å akselerere og kollapse. Sjølv om det beveger seg fort, er det stabilt, seier sjefgeologen.

Han understrekar at skredet kan skje fort dersom det kjem mykje nedbør.

Ei propp held att

Fjellet er nøye overvaka og det er aller første gong i Noreg at ein har følgt eit komande skred på denne måten. Det vert gjort målingar over om lag to kilometers breidde. Det er størst rørsle øvst i fjellet.

– Det kan vere ein slags propp som held litt att, så det er vanskeleg for oss å seie kor mykje som skal til for å presse på proppen i nedre del, seier Blikra.

Geologane brukar radar, som sender data til overvakingssenteret på Stranda. Problemet er at det er så mykje journalistar i området som brukar mobilnettet. For å vere sikre på å få all dataen, arbeider dei med å få eit eige kommunikasjonslink.

– Det er første gongen det er mogeleg å førebu seg på skred, og det er veldig lærerikt å sjå korleis eit fjell oppfører seg før det rasar, seier Blikra.

Rauma kommune er klar til å auke beredskapen dersom noko skjer i helga, og folk i kommunen får informasjon fortløpande.

Vil høyre lydar

Blikra seier at folk kjem til å merke det når kollapsen i fjellet startar. I tillegg til at geologane vil sjå det på målingane og dermed få tid til å varsle kommune og politi, vil det så losne steinar, det vert sprekkar i fjellet og lydar som folk vil høyre.

– Fleire stader i Italia og Sveits er denne teknologien brukt. Då ser dei denne akselerasjonsfasen og kollapsen i fronten, seier Blikra. Ofte går det ein eller to dagar frå varsla kjem til skredet går.

Onsdag vart 11 personar som bur i området evakuert. Ein bonde med 200 sauer, blir verande att for å passe dyra, i samråd med politi og kommune.

Etter at skredalarmen gjekk i Rauma i går har geologar i dag vore oppe og undersøkt fjellet. I ettermiddag har det vore folkemøte. Store nedbørsmengder kan framskunde skredet.
Rørslene i fjellet Mannen held fram i same fart som før, og i dag var geologar på synfaring i helikopter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL