Hopp til innhold

Telenor bur seg på skredet

Når fjellpartiet på «Mannen» rasar ut, kan telefonlinjene bli råka. Telenor har sett i gang beredskapstiltak.

Bjørn Amundsen

Bjørn Amundsen er dekningssjef i Telenor. Dei trur ikkje telesambandet blir råka av raset, men er føre var.

Foto: Erik Hattrem

I Rauma ventar alle på det varsla skredet, der 120.000 m3 stein kan losne frå fjellet Mannen. Onsdag vart to gardar og fleire hytter evakuerte. Rørslene i fjellet er store og dei siste dagane har fjellmassane i øvste del av fjellet i snitt bevegd som om lag sju millimeter i døgnet.

Telenor har vore i beredskapsmøte der ein diskuterte kva konsekvensar skredet kan få for telefonsambandet.

– Det er ikkje stor fare for at fiberen til Telenor vert råka, men vi planlegg likevel som om det kan skje, seier dekningssjef Bjørn Amundsen i Telenor.

Utan telefon

Telenor i er i kontakt med både kraftselskap, fylkesberedskapssjefen og entreprenørar for å få mest mogleg informasjon. Denne kontakten er avgjerande for kor raskt Telenor kan rette feil dersom noko skjer. Entreprenørar er ute og tar bilete i området og kartlegg situasjonen.

– Det er fiberen og straumen som er det mest kritiske for oss, seier Amundsen.

Dersom fiberen vert råka av raset, betyr det at telefonsambandet til folk som bur der og fire basestasjonar som dekkjer området vert kutta.

Fylgjer nøye med

Hos Fylkesmannen har det venta raset høg prioritet og dei fylgjer situasjonen nøye.

– Dette er ei lokal hending som blir handtert av politi og kommunen, men vi har oversikt over kva som skjer og samordnar dei ulike aktørane som er involvert, seier Renate Frøyen.

Ho er fungerande fylkesberedskapssjef og er godt nøgd med korleis situasjonen har blitt handtert så langt.

Mannen 3. november