Hopp til innhold

No er vegen open att etter raset

I dag opna vegen mellom Eidsdal og Geiranger mellombels. Neste veke vert vegen stengt for å fullføre sikringsarbeidet.

Steinras sperrar vegbanen mellom Eidsdal og Geiranger

Fjellet har blitt reinska og bolta etter at raset gjekk måndag. Alt sikringsarbeid er likevel ikkje ferdig.

Foto: Kåre Andre Berge, Statens vegvesen

Det var måndag at steinraset ved Berge på fylkesveg 63 gjekk. Først rasa det 50 kubikk med stein på vegen og deretter kom det 10 til. Statens vegvesen var klar over rasfaren og hadde ein plan om å sikre området. Denne veka har fjellet blitt reinska og bolta. Det er også sett opp sikringsnett og vegen vart i dag mellombels opna att.

Neste veke blir vegen stengt opp til to dagar for å sikre fjellet ytterlegare. Det blir sett inn ferje mellom Geiranger og Hellesylt desse dagane.

– Det er viktig å presisere at det er trygt å køyre på vegen gjennom helga. Sikringsarbeidet som blir gjennomført neste veke er naudsynt for at det skal bli ei god og langsiktig sikring på staden, skriv Anne Marit Øksenvåg Johansen i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL