Alt er ikkje slik det plar vere på Horgheim i Rauma. Eit helikopter sirklar over snødekte fjelltoppar på fjellet Mannen, medan ein skare journalistar står på bakken og filmar. Folk som kjem køyrande, stansar og kikar opp på fjellet.
Jarle Sogge følgjer også med. Onsdag vart to gardar evakuerte fordi skredet som er venta om kort tid, kan verte større enn ein først trudde. Også togbana gjennom Romsdalen er stengt.
Jarle Sogge er oppvaksen i området og har hytte i nærleiken. Dit kan han ikkje gå.
– Før visste vi ingenting om den store skredfaren. Det er først dei siste åra at vi har følt det, seier Sogge.
- Les også:
Stort steinskred
I 2009 kom det på plass varslingsutstyr i fjellet, som er nøye overvaka av Åknes/Tafjord Beredskap. I framtida er det venta at det vil gå eit stort steinskred som kan gå over heile dalbotnen og i verste fall gjere at 60 eigedomar hamnar under vatn. Rørslene i fjellet som er oppdaga no, varslar ikkje om dette enorme skredet, men om eit mindre. Likevel tar politi og kommune det så alvorleg at dei som bur nærast fjellet no er evakuert.
– Det er klart at du ikkje føler deg så trygg, seier Sogge.
Naturen varslar
Pensjonisten er glad for at området er overvaka, slik at dei kan få ein peikepinn om når skredet går. Geologane har varsla at nedbørsmengdene er utslagsgivande for når skredet vert løyst ut i det ustabile fjellpartiet. I helga er det varsla store nedbørsmengder og dermed auka skredfare.
- Les også:
Sjølv trur Sogge at naturen vil gi eit lite forvarsel. Det har vore mykje små steinras i området før, så det er innbyggjarane vande med.
– Sist eg hugsar då det gjekk eit stort ras, varsla det seg sjølv eit par dagar før. Det byrja å rulle litt små steinar og så vart det meir og meir, fortel Sogge.
Håper det kjem
No ser han fram til at skredet skal kome. Sogge håper at det deler seg opp i ulike ras, slik at ikkje alle steinane kjem på ein gong.
– Det verste er om det ikkje skjer noko. Då får vi ikkje flytte tilbake. Eg vil tilbake til hytta mi. Det er heilt sikkert, seier Sogge.