Hopp til innhold

Har du skaffa deg cupfinalebillett?

Sjølv om MFK allereie har sikra seg seriegullet denne sesongen, står det framleis igjen ein svært viktig kamp.

I dag har Molde fotballklubb lagt ut fire hundre billettar der vinnarane blir trekte ut. I helga gjekk klubben på årets første heimetap denne sesongen.

Sjå tv-saka: I dag la Molde ut 400 nye cupfinalebillettar. Dei håper at alle som vil klarer å få tak i billett. Foto: Roar Strøm.

Tor Ole Skullerud

Molde-trenaren gleder seg veldig til cupfinale.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er fem veker til vi skal spele cupfinale. Vi gleder oss enormt til den største kampen i norsk fotball, seier Skullerud.

Han meiner at cupfinalen ligg som ein bonus for laget, og han lover at dei skal gjere alt sei kan for å vere både fysisk og mentalt førebudd.

Godt trent i å vinne

Det kan bli dobbelt gull for Molde i år. Billettansvarleg i klubben meiner dei har blitt drivne i å vinne.

Lars Outzen billettansvarleg i Molde fotballklubb

Lars Outzen seier at Molde begynner å bli vande med å vinne.

Foto: Roar Støm / NRK

– Det er kanskje litt flåsete sagt, men vi har sidan 2009 vunne tre cupfinalar og tre seriemeisterskap, så vi har god øving i det, seier Lars Outzen.

Aldri før har MFK hatt fleire billettar å dele ut enn no. I dag la dei ut 400, og enda fleire kan det bli.

– Vi håper at dei som vil sjå kampen får billettar. Eg er i god tru, seier Outzen.

Speler mot Sogndal i helga

Seriemeister Molde har no klart å riste av seg tapet mot bunnlaget Haugesund. I helga skal dei møte nok eit bunnlag, nemleg Sogndal

Molde-trenar Tor Ole Skullerud gler seg til kamp, sjølv om det var kjipt å tape i helga.