Hopp til innhold

Tv-aksjonen: Innsamlingsrekord i Møre og Romsdal

Aldri før har det blitt samla inn så mykje pengar til tv-aksjonen i Møre og Romsdal. Heile 13,4 millionar kroner kan aksjonen notere seg for måndag morgon.

Marius Hammer

Fylkesleiar Marius Hammer er svært godt fornøgd med å kunne notere innsamlingsrekord i fylket.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Over heile landet har store og små gått med bøsser, bakt kaker og halde auksjonar. Aksjonen til inntekt for Kirkens Nødhjelp og deira arbeid for reint vatn har sikra rekordtal for landsbasis – og altså også i Møre og Romsdal.

– Dette er fantastisk, seg smiler med heile meg, seier ein sliten, men glad aksjonsleiar Marius Hammer. – Eg er så takknemleg for alle som har stått på.

Til samanlikning var talet i fjor 12 millionar kroner her i fylket, også det var eit godt resultat.

Har måtte avvise bøssebærarar

Knapt 4000 i fylket personar brukte søndagen til å ringe på dører for tv-aksjonen.

Vanlegvis har det vore vanskar med å skaffe nok bøsseberarar til å dekkje alle husstandar. Men i år har komiteane fleire stader blitt nøydde til å avvise folk som har ønska å gå.

– Det er heilt overveldande. Det har vore bøssebærarar som har gått i 20 år som ikkje har fått ledige roder i går. Så folk har stilt opp og gjort ein innsats, det har vore heilt enormt, seier Hammer.

Takkar alle som har stilt opp

Hammer seier det nettopp er det store engasjementet som gjer aksjonen spesiell.

– Noko av det som varmar hjartet mitt er alle ungane som bakar muffins og steiker vaflar og stiller seg opp framfor nærbutikken. Det er heilt rørande.