Hopp til innhold

Den nye Statoilsjefen: – Eg lengtar stadig heim til Sunnmøre

Han sa ja på sparket då han blei spurt om å bli ny sjef i Statoil, før turen gjekk direkte heim til Sunnmøre. – Eg lengtar stadig heim til Vartdal, seier Eldar Sætre.

Eldar Sætre

Eldar Sætre blei i dag ny fungerande konsernsjef i Statoil.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I dag blei det kjent at sunnmøringen med 11 års fartstid i konsernleiinga blir fungerande konsernsjef i Statoil etter at Helge Lund i dag gjekk av.

– Eg blei spurt om å ta stillinga fredag og sa ja med ein gong. Helga har eg brukt på Sunnmøre der eg har besøkt mor mi, seier Sætre.

Dagen har vore svært hektisk for den nyutnemnde sjefen som hadde sin første dag i sjefsstolen.

– Det har vore mykje merksemd i dag, og det varer nok, men det høyrer jo med.

Stolt av å vere vartdaling

Sjølv om han har budd andre stader det meste av livet, er 58-åringen sjølv svært opptatt av røtene sine. Då NRK sin reporter antyda at han kjem frå Vartdal i Ørsta er han snar til å korrigere.

–Nei, eg er frå Vartdal. Berre det.

– Eg er veldig stolt av å komme frå Sunnmøre og ikkje minst frå ein så vakker stad som Vartdal. Plasseringa ved sjøen og havet, med fiskeritradisjonar og fjellheimen like ved gjer det til ein utruleg stad å vekse opp. Og ein utruleg stad å kome tilbake til, seier han.

Då han skulle skildre seg sjølv for pressa i dag, var det nettopp karakteristikkar av sunnmøringen han tok i bruk.

– Eg brukte vel ord som nøysemd, flid og stein på stein. Eg syns det er ein grei måte å skildre meg sjølv på, dette med nøysemd og det sunnmørske. Eg er stolt av bakgrunnen min også på den måten og trur eg vil ha stor nytte av det i denne posisjonen.

Blir ikkje i stillinga permanent

Trass i at han var rask til å seie ja, er han også klar på at han ikkje er kandidat til å ha stillinga permanent. Han blir sitjande så lenge det er behov, men han veit ikkje kor lenge det blir.

– Det er vel ingen som har svar på no. Styreformannen er klar på at dei vil bruke den tida dei treng for å finne den rette leiaren. Så eg står til disposisjon så lenge det trengst.

Eg er veldig audmjuk og har stor respekt for kva dette inneber. Men eg syns også eg har gode føresetnader for å gjere dette med den fartstida eg har frå leiinga i selskapet, seier Sætre.