Hopp til innhold

Sa ja til kunstgras sjølv om biskopen protesterte

Politikarane i Surnadal gav i dag Stangvik grendelag klarsignal for å legge kunstgras. Biskopen vann dermed ikkje fram.

Fotballbane i Stangvik

Politikarane sa i dag ja til at grendelaget skal få legge kunstgras på denne fotballøkka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Gunn Nyheim er ordførar i Surnadal

Foto: Trond Vestre / NRK

Grendelaget i den vesle bygda Sangvik i Surnadal på Nordmøre ynskjer å legge kunstgras på fotballøkka for å få mindre vedlikehaldsarbeid, men biskopen har sagt nei til planane. Han meiner at ei kunstgrasbane med lysmaster like ved Stangvik kirke, er eit framandt element og vil vere skjemmande.

I dag handsama hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal saka og ordførar Lilly Gunn Nyheim fulgte med på møtet. Hovudutvalet gjekk samrøystes inn for at grendelaget skal få legge kunstgras.

– Eg har vore forkjempar for initiativet frå grendelaget og at dei skal få utvikle staden, seier Nyheim.

Kyrkja er freda

Kyrkjestaden frå mellomalderen er freda, det same er kyrkja frå 1897. Biskopen meiner at ei kunstgrasbane med lysmaster er eit framandt element i det historiske området og vil vere skjemande. Biskopen har ansvar for å vurdere estetiske forhold rundt kyrkja. Dei byggjer uttalen sin på Fylkeskonservatorens vurderingar.

Lysmaster må vente

Hovudutvalet tok ikkje stilling til om det skal giast løyve til å bygge lysmaster i dag.

– Vi ynskjer eit samarbeid med kyrkja om lysmaster. Eg håper at vi kan få til lyspunkt som også gir lys til parkeringsplassen ved kyrkja. Då slår vi to fluger i ein smekk, seier Nyheim.

Det må gjerast arkeologisk utgraving på staden før grendelaget får sette i gong arbeidet med fjerning av masse og legging av kunstgras.

Då grendalaget ville byte ut graset på forballøkka med kunstgras, fekk dei mostand frå uventa hald.