Tre personar er utskrivne og sende heim. Dei ni blei eksponert for den farlege gassen då det lak ammoniakk frå ein tank ved Sunnmøre Meieri ved åtte-tida tysdag morgon.
- Les også:
AMK-lege Kristen Rasmussen ved Ålesund sjukehus fortel at skadane ein får av ammoniakk kjem an på mengda ein er utsett for, men at konsekvensane er irriterande.
Ammoniakk kan gi etseskadar
Denne gongen blei ingen alvorleg skadd, men sjukehuset såg det nødvendig å setje opp eige saneringsanlegg i tillegg til det som stor på skadestaden.
– Gassen kan gi etseskadar i slimhinner og på hud, og også større problem i luftvegane, fortel legen.
Viss ein har blitt utsett for ammoniakk må ein bli vaska, spylt og reinsa for å få mest mogeleg av gassen vekk.
Etter at pasientane er vaska blir dei tatt inn og undersøkt vidare.
Viss ein er uheldig og kjem i kontakt med denne gassen kan konsekvensane bli irriterande.
Stikkande lukt
Mette Ekeland i Giftinformasjonen seier at gassen har ei svært karakteristisk lukt, som dei fleste har kjent viss dei har opna ei salmiakkflaske.
– Ein kan få svie og rennande nase og også hoste viss ein blir utsett for denne gassen. Men viss ein får i seg større mengder kan ein få problem med å puste, seier Ekeland.
Viss ein ikkje er spesielt eksponert vil desse symptoma gå over utover dagen, meiner Ekeland. Ho oppmodar personar som har meir enn lette plagar til å bli vurdert av helsepersonell.
Sette ikkje katastrofeberedskap
Dei som har blitt sendt til sjukehuset har varierte skadar. Dei fleste er ikkje alvorleg skadd, men legen fortel at ein av dei har fått direkte skadar i huda av gassen.
Ålesund sjukehus sette ikkje inn katastrofeberedskap etter ulukka, men dei fekk bruk for innlærte prosedyrar om gasslekkasje.
– Akkurat i dag var ikkje omfanget større enn at vi klarte å ta hand om situasjonen med vanleg bemanning, seier Rasmussen.