Til helga kjem årets første ordentlege hauststorm. Enkelte stader kjenner ein allereie at vinden bit godt i kinna, men konsekvensane kan bli så mykje verre viss du ikkje tek eit par forholdsreglar før ruskevêret kjem.
Nesten kvart år blir vi ramma av kraftige stormar som bles taksteinen frå taket eller tettar sluk utandørs.
Sett lause gjenstandar i le
Viss du brukar litt tid på å førebu deg kan du sleppe desse skadane. Rolf Hansen er ein av dei som har starta med ryddinga allereie.
Han bur i eit mørkebrunt hus nede ved sjøen i Breivika i Ålesund. Huset hans er omgitt fleire titals blomsterkrukker, og dei må vekk før det stormar innover sunnmørskysten.
– Eg må få unna alle dei lette plastmøblane og blomsterkrukkene som står rundt huset, fortel Hansen.
Lita tue kan velte stort lass
Enkelte skadar kan ein styre unna ved å halde eigendommen sin ved like gjennom heile året. Pressetalsmann Toralf Rutledal i Tryg meiner at ekstrem liten innsats kan spare deg ein ekstrem stor kostnad.
– Viss eit sluk blir tett av lauv og barnåler står du plutseleg me ein kjellar full av vatn, seier Rutledal.
Når den møblerte kjellarstova di er full av vatn er det berre å ta fram kalkulatoren. Det kan bli dyrt. Ifølgje Rutledal kan det ta minst fem veker å fikse ein oversumt kjellar.
Dette bør du huske på
- Lause gjenstandar kan skape farlege situasjonar. Spesielt farleg er hagemøblar, leikehytter og trampolinar.
- Bygg under oppføring eller ombygging bør vere sikra.
- Vêr obs på at lette konstruksjonar som for eksempel leveggar, uthus, garasjar med open port, naust og båtar er spesielt utsett.
- Vindauge og dører som kan stå i fare for å knuse kan du dekke til med kryssfinerplater.
- Hald deg oppdatert på nyheitene og vêrvarselet.
- Hald deg innandørs når det stormar som verst. Bekrens
Viktig å handle raskt
Viss ulukka er ute likevel er det viktig at du sikrar skaden slik at den ikkje blir forverra. Rutledal fortel at ein ikkje må gi opp sjølv om det ser ille ut.
– Rask innsats kan berge mykje. Ta ut møblar og elektronikk frå den oversvømte kjellaren. Det er ikkje sikkert at alt er øydelagt, seier han.
I 2013 var den samla erstatningssummen for stomskadar i Norge på 553 millionar kroner. Så langt i 2014 er erstatningssummen 160 millionar kroner.
Flygande trampolinar
Saksbehandlarane i Tryg har Dagmar friskt i minne. Ekstremvêret som slo innover Noreg i romjula 2011 gav selskapet mykje jobb. Og to og eit halvt år seinare er dei framleis ikkje ferdige med desse sakene.
– Det beste tipset vårt er å ta ein runde rundt huset når stormvarselet kjem, for å sikre eller ta inn alt som kan tenkast å bli tatt av vinden.
Flygande trampolinar er ein gjengangar for forsikringsselskapet, og dei kan forårsake brutale skader om dei først flyg av garde.
Ønskjer stormen velkomen
Bak huset har Hansen ein liten krok som står i le for vinden, og der passar det godt for blomane å stå fram til frosten kjem. Møblane ber han i garasjen, slik at dei er like fine til neste finevêrsdag.
Takrenna har han allereie reinska, og han har sikra seg at kjellaren ikkje blir oversumt når ruskevêret herja.
– No kan stormen berre kome, seier han med god samvit for at han har fått alle lause gjenstandar på plass.