Hopp til innhold

Kreftsjuke Birgit føler fjellturen er jobben

Alvorleg kreftsjukdom kan slå beina under mange. Men Birgit Eriksen i Ålesund har bestemt seg for å vere i aktivitet.

Alvorleg kreftsjukdom kan slå beina under mange. Men Birgit Eriksen i Ålesund har bestemt seg for å vere i aktivitet.

Birgit Eriksen fekk kreft for sju år sidan. Turane på fjellet held motet oppe.

Med lette steg går 64-åringen oppover den bratte stien til Høgnakken i Ålesund. Hausten er komen og trea i skogen har byrja å endre farge. Sjølv om beina er lette, er pusten tung. Birgit Eriksen har redusert lungekapasitet etter fleire år med kreft. Det stansar henne ikkje frå å nyte naturen.

Heilt tilfeldig oppdaga legen i 2007 at ho hadde kreft i den minste lungelappen på høgre side. Ho vart operert og trengte ingen etterbehandling, fordi all kreft var fjerna. Ho gjekk likevel til jamnlege kontrollar. Sjokket var stort då det på ein kontroll i november fem år seinare, vart oppdaga kreft med spreiing.

– Det var tøft å få ein slik beskjed etter så lang tid. Eg hadde jo ikkje følt meg sjuk, seier 64-åringen.

LES OGSÅ:

Fjellet er jobben

30 strålebehandlingar har ho gått gjennom. Etter behandlinga såg alt bra ut, heilt til det i juni i fjor vart oppdaga kreft på lunga. Sidan den tid har ho fått cellegift kvar tredje veke. Heile livet har barneskolelæraren trent aktivt. Det har ho halde fram med gjennom sjukdomsperioden.

– Eg ser på fjellturen som jobben min. Eg føler at eg lever når eg er ute på tur, seier Eriksen. Ho innrømmer at det er tøft å trene, men at det gjer godt for kroppen og ei kjensle av meistring når ho kjem seg opp på toppen.

Første veka etter kvar cellegift er ho ganske redusert, og då går ho berre småturar. Etter kvart stig forma og ho kan gå dei bratte bakkane opp på Høgnakken. Legane har gitt henne beskjed om at ho berre må halde fram med trening.

Finne livsglede

Merete Kløvning

Merete Kløvning er kreftkoordinator i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Merete Kløvning er kreftkoordinator i Ålesund kommune. Ho meiner det er viktig å finne meining i ein kvardag prega av sjukdom. Medan nokon gjer det ved å trene, finn andre livsglede heilt andre stader.

– Det kan vere å sjå ein god film, vere sosial med vener eller gå på ein konsert. Det å gripe dagen og finne glede, seier Kløvning.

Ho meiner at friske også bør bli flinkare til det i ein travel kvardag.

Dårlege odds

I dag er Birgit Eriksen på tur igjen. Ho ser tilbake på ei aktiv veke, der ho har skrive seg inn i boka på toppen av fjellet fleire gongar. Ho er overtydd om at den fysiske aktiviteten gjer henne betre rusta til å tåle giften som skal inn i kroppen om få dagar. Energien er merkbar betre etter at ho har bevegd seg.

Legane gir henne dårlege prognosar for å bli frisk att, men 64-åringen har ikkje tenkt å gi opp.

– Eg har eit håp om å bli frisk likevel, og det held meg oppe, seier Birgit Eriksen.