Hopp til innhold

Aksjon mot fellessjukehuset

Professor i samfunnsøkonomi Arild Hervik er ein av fleire som no stiller seg i bresjen for ein aksjon for å ruste opp sjukehusa i Molde og Kristiansund, framfor å bygge eit nytt felles sjukehus.

Arild Hervik

Professor i samfunnsøkonomi, Arild Hervik, er ein av initiativtakarane til eit folkemøte om fellessjukehuset.

Foto: Frode Berg / NRK

Hervik har saman med tidlegare fylkesmann Kåre Ellingsgård og amanuensis Rasmus Rasmussen ved Høgskulen i Molde skrive eit debattinnlegg der dei hevdar fellessjukehuset er eit blindspor.

I innlegget krev dei tre at regjeringa tar over prosessen og lagar analysar av sjukehusplanane.

-Gir ingen helsemessig gevinst

Til Romsdals Budstikke seier Hervik at det er sannsynleg at det nye sjukehuset vil koste tre til fire milliardar kroner meir enn ei opprusting av sjukehusa i dei to byane.

-Eg ser at ut frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv blir fellesjukehuset fleire milliardar kroner dyrare. Det er sløsing med felleskapet sine midlar. Men viktigast av alt: Eitt felles sjukehus vil ikkje gi nokon helsemessig gevinst for pasientane, seier Hervik til avisa.

Meiner prosessen må stansast

Kåre Ellingsgård

Tidlegare fylkesmann Kåre Ellingsgård trur ikkje det er for seint å snu prosessen med valg av sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kåre Ellingsgård seier til Romsdals Budstikke at prosessen som går føre seg i Helse Møre og Romsdal må stoppast, fordi den ikkje er levedyktig.

–Førebels er det ikkje sett av ei krone til nytt sjukehus. Fellessjukehus-prosjektet kjem til å bli så dyrt at det aldri blir realisert. Eg har aldri sett kampen for to sjukehus som tapt, fordi løysinga leiinga i helseføretaket jobbar med, er heilt urealistisk, både økonomisk og sjukehusmessig, seier Ellingsgård til avisa.

Dei tre hevdar mellom anna til at det er svake punkt i faktagrunnlaget for analysane som er gjort.

Inviterer til folkemøte

No inviterer dei til folkemøte for å informere om sitt syn på prosessen. Der ønskjer dei å gi innbyggjarane i Romsdal og på Nordmøre eit innblikk i fordelane ved å satse på to sjukehus framfor fellessjukehuset som no er under planlegging.

Molde-ordførar Torgeir Dahl seier til avisa at han har registrert aksjonen, men at han trur det er for seint i prosessen til å stanse arbeidet med eit felles sjukehus i regionen.