Hopp til innhold

Havpadlarar laga film i ekte vestlandsvêr

Himmelen opna seg då om lag hundre kajakkelskarar samla seg for å rulle, padle og kjempe mot straumen.

Himmelen opna seg då om lag hundre kajakkelskarar samla seg for å rulle, padle og kjempe mot straumen.

Molde kajakklubb oppmodar havpadlarar til å ta med kajakken dit du vil. Enten på skjerma sjø eller ut på eksponert vatn. Foto: Roar Strøm/NRK

Vêret var ikkje på deira side, men det sette ingen stoppar for dei engasjerte ungdommane som slo leir på ei lita øy utanfor Averøy denne helga.

Same kvar ein lét blikket kvile såg ein fargesterke kajakkar skli gjennom vatnet. Men i tillegg til årar, flytevest og varme klede hadde nokre få av padlarane festa kamera i baugen. Dei laga nemleg film desse unge padlarane.

Lagar padlefilm

Fredrik Borås padler i kajakk ved Averøy

Fredrik Borås er ein av padlarane som deltek på årets haustsamling.

Foto: Roar Strøm / NRK

I denne filmen vil ivrige ungdommar vise fram korleis ein skal surfe med kajakk på skarpe bølgjer og gjennom sterk straum. Frykta må dei ha lagt igjen heime for her finn ein berre kajakkglede.

– Det er kjempeartig å leike i straumen, kvitrar Fredrik Borås medan han held seg i ripa til ein større plastbåt.

Møter andre havpadlarar

Kvart år deltek over hundre kajakkfolk på haustsamling. I år er det Molde kajakklubb som arrangerer treffet på Rangøya ved Atlanterhavsvegen på Averøya.

Anne Botslangen er styremedlem i Molde kajakklubb

Anne Botslangen er styremedlem i Molde kajakklubb, og har vore med på haustsamlingane sidan starten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Anne Botslangen har snike seg inn mot fjøresteinane, og står midt i taren medan ho fortel kvifor padlarane samlar seg i regnvêret. Ho har vore med på desse samlingane sidan starten i 2007.

– Her kan folk oppleve det dei måtte ønskje. Enten kan ein padle innanfor skjera der vatnet er stilt og roleg, eller så kan ein bevege seg ut på røffare sjø, fortel Botslangen.

– Kvifor arrangerer de desse samlingane?

– Det er ein måte å treffe andre padlarar på, seier Botslangen.

Under denne samlinga kan ein delta på turar og kurs som passar for havpadlarar på alle nivå, ifølgje kajakklubben. Søndag er det planlagt å øve på tryggleik saman med Redningsselskapet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL