Hopp til innhold

Flaskepost-mysteriet «Kjetil, 11 år»

I 1997 vart ein flaskepost kasta ut i havet av ein gut ved namn Kjetil. 17 år seinare vart flaskeposten funnen att. Men kven er guten?

Flaskepost frå Sula

Her er brevet frå flaskeposten som vart funnen i Borgundfjorden mellom Ålesund og Sula.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

– Det er litt synd at han ikkje skreiv på etternamn, men det er vel ikkje det første ein 11-åring tenkjer på, seier Knut Mork om flaskeposten han og gutane hans fann i Borgundfjorden på fredag.

Saman med femåringen Lucas og treåringen Liam hadde han nett gjort seg ferdig med å dra krabbeteiner då dei såg ei stor plastikk-flaske som låg og duppa i vatnet ved båten.

– I flaska, som såg gammal og herpa ut, låg det ein liten papirrull inni. Då vart vi ivrige, fortel Mork.

«Kjetil, 11 år»

Då dei kom heim igjen, opna dei forsiktig flaska og papirrullen. Der står det følgjande: «Hei, ei e fra Sula og ei heite Kjetil, ei e 11 år, år 1997»

– Det er ikkje tvil om at flaskeposten er ekte. Skrifta var så falma at ho var vanskeleg å lese. Flaska var også temmeleg oppskrapa, seier Mork.

– Ho har nok ligge i fjøra ei stund før ho har blitt henta ut på havet igjen med bølgjene, legg han til.

Artikkelen held fram etter bildet.

Kurt Mork og gutane Lucas og Liam på båttur

Kurt Mork og sønene Lucas og Liam kosar seg på ofte på båttur. I fjorden finn dei både krabber, fiskar og gamle gåter.

Foto: Privat

Ville ha han for seg sjølv

Mork er ofte ute på sjøen, og det er langt frå første flaskeposten han har plukka opp. Men det som var så spesielt denne gongen, er at flaskeposten var så gammal.

For sønene var det første gong at dei fekk oppleve å fiske opp ein flaskepost.

– Minsten vart svært fornærma og begynte å grine då han ikkje fekk behalde brevet for seg sjølv, men det var nok litt for gammalt og skjørt til at det var aktuelt med utlån, fortel faren.

Ingen har fått napp

Kurt Mork bur sjølv i Sula, men har inga aning om kven denne «Kjetil» kan vere. I håp om å løyse gåta, posta han bilde av flaskeposten på Facebook. Trass i heile 486 delingar, er det ingen som har fått napp.

– Det er i grunnen litt pussig når så mange har delt bildet av flaskeposten. Kanskje denne Kjetil er flau over flaskeposten i vaksen alder?

Mork trur sjølv at avsendaren var 11 år i 1997, sjølv om det også er ei moglegheit for at han vart fødd i 1997.

– Det som uansett er sikkert er at flaska har ligge i vatnet i årevis, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL