Hopp til innhold

Omstridd ferje kjem til Hareid

Trass i store protestar frå mange hald – no kjem MF "Ullensvang" til Hareid-Sulesund. I dag sette Statens vegvesen foten ned for å flytte ferja.

MF "Ullensvang"

Her er ferja ingen vil ha. No kjem MF 'Ullensvang' likevel til det mest trafikkerte ferjesambandet i Møre og Romsdal

Foto: Erik Ask (bergenships.com)

Inge Andre Utåker

Inge Andre Utåker er regionsjef for ferjer i reiarlaget Norled.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vi kjem ikkje til å ta nye initiativ til å endre dette no, vi har sagt vårt, seier Inge Andre Utåker i reiarlaget Norled etter møtet med vegstellet i dag.

Dermed er det altså klart for at MF "Ullensvang" kjem i drift på sambandet Hareid-Sulesund frå nyttår.

Mange skeptikarar

Protestane har vore store etter at det blei kjent at den snart tretti år gamle ferja skulle setjast inn i ei av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet. Både pendlarar og næringsdrivande frykta lange køar og vanskar med trafikkavviklinga dersom ferja skulle setjast inn permanent.

Dei mange protestane førte også til at saka hamna på bordet til samferdselsministeren med ønske om å få ferja fjerna.

Norled opna for flytting

No seier altså Statens vegvesen nei til å flytte ferja, slik reiarlaget Norled har opna for. Norled ønskte å flytte ferja til Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane for å komme i møte dei mange som hadde protestert.

Møtet i Bergen i dag handla om nettopp sambandet Lavik-Oppedal. Der gjorde Statens vegvesen det heilt klart at dei ikkje vil godta ei flytting, fordi det vil vere brot på kontrakten reiarlaget har for denne ferjestrekninga.

–Vi samanliknar sambanda, og det er lenger overfartstid på Hareid-Sulesund enn på Lavik Oppedal, fordi det er tre ferjer der. Og det er også meir trafikk på sambandet på Sunnmøre. Difor ønska vi å flytte MF "Ullensvang", men fekk altså nei, seier Utåker til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL