Hopp til innhold

Ho leitar etter snarvegar heile tida

Regine S. Aklestad (28) er truleg Noregs einaste snarveg-ekspert.

Regine S. Aklestad

Regine S. Aklestad er ofte på tur – då er det ikkje så viktig med snarvegane som elles.

Foto: Privat

– Eg har nok fått snarvegar på hjernen. Eg ser ofte etter snarvegar, eg må innrømme det, ler Regine S. Aklestad.

Måndag presenterer ho masteroppgåva si om temaet i samband med «Mobilitetsveka 2014» i Volda. Aklestad, som kjem frå Holmestrand, er no tilsett som planleggar i sunnmørskommunen. Det var avisa Møre som først omtalte saka.

Der folk helst går

Oppgåva er skriven med utgangspunkt i den nasjonale gåstrategien til Statens vegvesen. Rapporten frå prosjektet viser at kommunane og vegvesenet ikkje har gangnett inne i kartgrunnlaget sitt.

– Då tenkte eg at snarvegar er ein viktig del av gangnettet. Det er mange som brukar snarvegar når dei går. For å planleggje gode ruter for dei gåande, må ein også vite kor folk helst går, seier vestfoldingen.

Finn nye heile tida

Etter kvart som Aklestad jobba med oppgåva si, vart ho også meir og meir bevisst på kor mange snarvegar som faktisk finst.

– Det er ganske mange snarvegar, kanskje meir enn ein trur. Ofte er dei ikkje så openberre, slik at ein må utforske litt for å finne ut om det faktisk er ein snarveg eller ei.

– Eg finn nye snarvegar heile tida eg, legg ho til.

Artikkelen held fram etter bildet.

Snarveier

Ifølgje den nyutdanna landskapsarkitekten er snarvegar bra for helsa.

Foto: Erland Knutsen / NRK

– Bra for helsa

Entusiasmen for snarvegane kjem spesielt godt fram når ho snakkar om helseeffekten dei gir.

– Folk går ofte ganske korte distansar. Dess lengre ei reise blir, dess meir sannsynleg blir det at dei tek bilen i staden for. Men i område der det er fleire valmoglegheiter og effektive gangvegar, så går folk også meir, seier Aklestad.

– Så snarvegar er bra for helsa?

– Heilt klart.

– Gir andre opplevingar

For Aklestad er ein god snarveg ei uformell ferdselsåre som er lausrive frå anna trafikk.

– Kanskje han går gjennom eit skogholt eller ein park. Ein snarveg byr gjerne på litt andre opplevingar enn dei vanlege rutene, seier ho.

Favoritt-snarvegen om dagen er vegen ho går for å hente sonen sin i barnehagen.

– Snarvegen går gjennom ei eng, og er veldig fin!

Nominert til nasjonal pris

Oppgåva «Veit du om ein snarveg? – Undersøking av korleis kartlegging av snarvegar kan bidra i arbeidet med lokale gåstrategiar», som vart skriven på Norges miljø- og biovitskaplege universitet, er nominert til Statsbygg sin studentpris for landskapsarkitektur.

– Eg synest det er kjekt at oppgåva får merksemd og ikkje berre hamnar i ei skuff, seier den nyutdanna landskapsarkitekten fornøgd.