Hopp til innhold

Tiltalt for bildrap i Ålesund

Ein eldre mann er tiltalt for aktlaust drap etter ei trafikkulukke i Ålesund, der eit ektepar vart påkøyrd.

Trafikkulykke ved Sunnmøre museum

Dei to mest alvorlege punkta i tiltalen har begge ei strafferamme på fengsel i inntil tre år.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det var laurdag 1. februar at ekteparet vart påkøyrde då dei kom gåande frå Sunnmøre Museum og var i ferd med å krysse vegen i eit fotgjengarfelt.

Mannen døydde seinare same dag av skadene han fekk. Kvinna vart alvorleg skadd, og låg i kunstig koma i 17 dagar.

Bilføraren, ein mann i 80-åra, er no tiltalt for aktlaust drap, skriv Sunnmørsposten.

Han er også tiltalt for å ha påført kvinna betydelege skader og for å ha brote vegtrafikklova.

Rettssaka kjem opp for Sunnmøre tingrett 24. september. Det er sett av to dagar til saka. Det er venta at det vil kome krav om erstatning.

Dei to mest alvorlege punkta i tiltalen har begge ei strafferamme på fengsel i inntil tre år.

Les fleire nyhende HER.

Trafikkulykke Sunnmøre museum

Mannen døydde i ulukka og kvinna vart alvorleg skadd.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK