Hopp til innhold

Debatten om kommunereforma er i full gang

Politikarane på Nordmøre har starta debatten om kommunereforma – men mange er spente på kva nye oppgåver kommunane skal få.

Møte Kommunereformen Nordmøre Averøy

Måndag hadde Averøy Høgre kalla inn til ope møte på kommunehuset.

Foto: Trond Vestre / NRK

Debatten om kommunereforma er i full gang mellom politikarane på Nordmøre. Måndag hadde Averøy Høgre kalla inn til ope møte på kommunehuset der politikarar frå fleire politiske parti og kommunar på Nordmøre deltok. Mange er spente på kva oppgåver kommunane vil få.

Stortinget fordelar oppgåvene

Dagfinn Ripnes

Dagfinn Ripnes (H) er spent på kva for oppgåver kommunane får tildelt frå Stortinget.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tidlegare Høgre-ordførar i Kristiansund, Dagfinn Ripnes, meiner at dette er eit heilt avgjerande spørsmål.

– Det mest spennande er å sjå kva for oppgåver dei nye storkommunane får når Stortinget legg fram planane sine til våren, seier Ripnes, som er optimist men overbevist om at kommunekartet blir radikalt forandra.

Kort tid fram til kommunevalet

Ingrid Rangønes

Ingrid Rangønes frå Averøy Arbeidarparti.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det heile startar no i september – deretter går det slag i slag. Ingrid Rangønes frå Averøy Arbeidarparti fryktar at prosessen med å slå saman kommunane vil gå for raskt.

– Vi får ikkje svar på korleis oppgåvefordelinga blir før til våren, og då er det veldig kort tid fram til kommunevalet. Nye folk kjem på bana og vi skal gjennom gode debattar, folk skal få kome til og seie sitt, og då går tida framover veldig raskt, seier Rangønes.

Vil til Kristiansund

Ann Kristin Sørvik

Ordførar i Averøy, Ann Kristin Sørvik (Sp) vil bli samanslått med Kristiansund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Måndagens møte var på mange måtar ein start for arbeidet med kommunereforma på Nordmøre. No startar debattane. Ordførar i Averøy, Ann Kristin Sørvik (Sp) seier at ho ser mot Kristiansund og ei sterk storkommune.

– Spør du meg personleg så skal vi slåast saman med nokon som er sterkare. Det er klart at Kristiansund og Averøy høyrer saman. Eg seier ikkje at løpet er lagt allereie, vi skal ha med oss folket og skape gode prosessar, seier ordføraren.

Men Sørvik trur lite tid kan by på problem.

– Den krevjande tidsplanen som regjeringa har lagt opp til, kan gjere det vanskeleg å få med seg folket i arbeidet med kommunereforma

– Det blir opp til kommunane

Per Kristian Øyen

Ordførar i storkommunen Kristiansund, Per Kristian Øyen, vil ikkje framtvinge svar om kva for kommuner dei bør slåast saman med.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ein av utfordringane blir forholdet mellom by og land. Ordføraren i Kristiansund, Per Kristian Øyen (Ap), seier han ikkje vil leggje press på nabokommunane.

– Eg har bestemt meg for å vere raus. Eg har ikkje tatt noko særleg initiativ til å invitere kommunar til Kristiansund, men alle kommunane veit at dei er hjarteleg velkomne til å ha samtalar med oss. Men det blir opp til kommunane sjølve, vi pressar ikkje på for å få eit svar. Eg trur at prosessane er viktig no, og dei har no så vidt kome i gang, seier ordføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no