Hopp til innhold

– Det har vore ein tøff, men nødvendig streik

Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal er fornøgde med utfallet av lærarstreiken.

Streik

Mange klasserom rundt om i Noreg har stått tomme dei siste vekene på grunn av ei fastlåst konflikt mellom lærarorganisasjonar og KS. Streiken er no over og tysdag vil klasseromma endeleg tekne i bruk for fullt.

Foto: Anniken Mihle / NRK

Søndag kveld vart det semje mellom partane i lærarstreiken. Dette medfører at lærarar som har vore tekne ut i streik no kjem tilbake på jobb.

– Sidan avklaringa først vart kjent i dag tidleg, vert det ikkje mogleg å gjennomføre undervisning for alle elevar i dag, men frå i morgon, tysdag 2. september, skal alle elevar møte til ordinær undervisning, seier fylkesutdanningssjef Sverre Hollen i ei pressemelding.

Godt førsteinntrykk

Bjørn Tore Schrøen

Bjørn Tore Schrøen er lokallagsleiar og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Halten / NRK

På landsbasis vart fleire tusen lærarar tekne ut i streik. I Møre og Romsdal har ungdomsskulane Bergmo og Bekkevoll, Molde vidaregåande skule og Romsdal vidaregåande skule vore omfatta av streiken som begynte 11. august. Ti dagar seinare vart også ungdomstrinna ved Skjevik og Vågsetra skule med i streiken i samband med ei nasjonal opptrapping.

Bjørn Tore Schrøen er lokallagsleiar og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal. Han seier at han er fornøgd med avtalen som gjer at streiken no er over.

– Eg skal no lese nøye igjennom avtalen, punkt for punkt, for å få betre oversikt, men førsteinntrykket er bra, seier han.

Lokale tvisteløysingar

Ifølgje Schrøen byr ikkje den nye avtalen på store endringar, anna enn at ein har fått på plass ei tvisteløysing dersom enkelte kommunar og skular i større grad ønsker å binde tida til lærarane. At fleksibiliteten til lærarane vert bestemt lokalt, synest han gir god meining, ettersom enkelte skular har langt betre arbeidsforhold når det kjem til plass, lys og luftkvalitet.

– Det vil koste 14 milliardar å gje norske lærarar gode kontorfasilitetar, seier han og legg til at ei slik investering neppe skjer med det same.

Planleggingsdag

Lærarane ved dei streikeramma skulane er allereie tilbake på jobb, og etter planen vil undervisninga gå som normalt i morgon. Schrøen er spent på korleis morgondagen vert både for lærarar og elevar.

– Det er ikkje berre-berre å bryte av ein konflikt. Det er mange praktiske ting som må ordnast. No må lærarane førebu seg for eit skuleår som er forseinka med to veker for ein del av elevane, seier Schrøen og seier han har snakka med fleire lærarar som gler seg til å starte kvardagen med elevane sine.

Håper tilliten kjem tilbake

Borghild Moe

Leiar i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal, Borghild Moe, meiner streiken har ført fram.

Foto: NRK

Leiar i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal, Borghild Moe, seier det har vore ein tøff streik som til slutt førte fram.

– Vi skal no ha uravstemming, og om det vert positivt svar der, så har vi ein ny avtale. Men det var ein tøff og nødvendig streik for å bevare eigenarten i læraryrket.

Moe tør ikkje spå om den nye avtalen vil vare, eller om konflikten vil blusse opp på ny ved eit seinare høve. Spørsmålet er om partane vil klare å få att tilliten til kvarandre, trur ho.

Tillit kjem ikkje tilbake plutseleg. Det er no lokale prosessar på skulane og i kommunane som vil vise om den tilliten kan vinnast tilbake på sikt. Då er det viktig at lærarane får halde på fleksibiliteten og moglegheita til å gjere ein god jobb for elevane, avsluttar ho.

Strekte seg langt

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde seier at KS har strekt seg langt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gunn Berit Gjerde er hovedstyremedlem i KS. Ho seier det er av omsyn til elevane og foreldra at KS har strekt seg.

– Vi har strekt oss langt i avtalen som er gjort. Det er ein svært uheldig situasjon for dei som går på skulen og skal lære noko. Det er vårt ansvar for skuleeigar at der er ein god skule på plass, seier Gjerde.

Etter KS sitt syn kunne elevane sine interesse vore betre ivareteke skulen hadde hatt meir tid til samhandling og utvikling.