Hopp til innhold

– Politikarane tapar lite på kommunesamanslåing

– Den politiske kostnaden ved å slå saman kommunar med tvang vil vere liten, meiner valforskar Anders Todal Jenssen.

Kart over Møre og Romsdal med kun fire kommuner

Fleire kommunar står i fare for å bli slått saman. Fylkesplansjefen ønsker til dømes at dei 36 kommunane i fylket skal bli slått saman til fire.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

I haust startar arbeidet med kommunereforma som regjeringa vil gjennomføre. Kommunane skal gjere sine vedtak om snaue to år. Deretter kjem regjeringa med sitt forslag til ny kommunestruktur våren 2017.

– Også med tvang

Anders Todal Jenssen

Valforskar Anders Todal Jenssen trur kommunesamanslåing av mindre kommunar vil skje, anten innbyggjarane vil det eller ei.

Foto: Randi Lillealtern / NRK

Valforskar og professor i statsvitskap, Anders Todal Jenssen, er overtydd om at reforma vil bli gjennomført med tvang dersom det blir nødvendig.

– Dersom prosessen med lokale initiativ ikkje gir dei løysingane som statsråden ønsker, så er signala veldig klare på at departementet kan gå til Stortinget og be dei om å slå saman kommunar, sjølv om det er lokal motstand mot det.

– Lite å tape

Ifølgje valforskaren finst det fleire eksempel på slike samanslåingar i Noreg frå før av.

– Mange av dei var veldig kontroversielle, og har ført til vondt blod den dag i dag. Men, Stortinget er i slike samanhengar suverent og kostnadene er ganske beskjedne for dei fleste stortingspolitikarane med å fatte ei slik avgjersle.

– Betyr det då at bråket kjem i mindre kommunar, der er det færre veljarar slik at den politiske risikoen er liten?

– Ja, det er det eine aspektet. Det andre er at veldig mange av politikarane kjem frå dei største kommunane, gjerne i dei store byane, i heimfylket sitt, og sånn sett er det sjeldan at dei sjølve vert straffa.