Hopp til innhold

Ingen vil ha denne ferja

Den gamle reserveferja «MF Ullensvang» skal inn i sambandet Hareid-Sulesund. Ferjeselskapet vil at ferja i staden skal gå over Sognefjorden, men får ikkje lov å omrokkere på planane.

ullensvang

Den 28 år gamle ferja «MF Ullensvang» har skapt stor strid. Reisande på Sunnmøre vil ikkje ha den. Statens vegvesen vil heller ikkje at den skal gå i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det har vore strid om den 28 år gamle ferja «MF Ullensvang» heilt sidan det vart klart at den skal inn i sambandet Hareid-Sulesund på Sunnmøre frå januar i 2015.

Sambandet er eit av dei mest trafikkerte i landet, og både pendlarar, næringslivet og politikarar er rasande. Dei ynskjer at dei to ferjene som no fraktar dei over fjorden skal halde fram. Men den eine ferja skal flyttast til sambandet Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane. Torsdag bad stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) statsråden gripe inn.

Vil endre planen

Inge Andre Utåker

Inge André Utåker i Norled ynskjer at dei to ferjene som går mellom Hareid og Sulesund skal halde fram.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ferjeselskapet Norled innrømmer at det ikkje er optimalt at den gamle «MF Ullensvang» skal trafikkere Hareid-Sulesund. Ferja vart brukt som reserveferje i fem dagar i vår og det vart alt anna enn suksess. Dei reisande opplevde store forseinkingar i rutetidene.

– Vi har meldt inn formelt og offisielt at Ullensvang skal gå i sambandet, men vi har erkjent at det ikkje er det optimale, seier Inge Andre Utåker. Han er regionsjef i Norled.

Ferjeselskapet har bedd Statens vegvesen om å få endre planane. Dei vil at Hareid-Sulesund skal behalde ferjene som går i dag, og sende Ullensvang til Lavik-Oppedal. I det sambandet går det tre ferjer.

Får ikkje lov

– Vi har fått nei til forslaget og synest det er overraskande. Dei fleste rasjonelle argument talar for at vi bør få gjere endringar, seier Utåker.

Grunnen til at den gamle ferja skaper problem på Sunnmøre er at den har to dekk og dermed tar det lengre tid å fylle og tømme ferja for bilar. Over Sognefjorden er distansen kortare, men ferjeselskapet har like lang tid til rådvelde mellom avgangane som på Hareid-Sulesund. Difor meiner Norled at det vil vere ein mindre ulempe for Lavik-Oppedal å ha ferja.

Står fast ved avtalen

Øyvind Haaland

Øyvind Haaland i Statens vegvesen seier at dei held seg til tilbodet Norled har gitt.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Øyvind Haaland, seksjonssjef i Statens vegvesen, region Vest, seier han forstår at Norled vil gjere endringar.

Men vegvesenetet kan ikkje akseptere at ferjesambandet Lavik-Oppedal får ei dårlegare ferje og står difor fast på den opphavlege avtalen.

– Då burde dei på eit tidleg tidspunkt ikkje ha tilbydt oss den ferja dei har gjort. Vi held oss til det tilbodet som Norled har gitt oss, seier Haaland.

Betyr det ikkje noko for dykk at ferja ikkje fungerer i sambandet på Sunnmøre?

– Det blir Norleds utfordring, men eg er sikker på vi skal finne ei løysing, seier Haaland.

Norled skal ha eit møte med Statens vegvesen 15. september.