Hopp til innhold

Ventar nedgang i cruisetrafikken neste år

Frå nyttår blir det innført strengare reglar for drivstoffutslepp i fleire land rundt Nordsjøen. Mange reiarlag vel difor andre reisemål enn Noreg.

Frå nyttår blir det innført strengare reglar for drivstoffutslepp i fleire land rundt Nordsjøen. Mange reiarlag vel difor andre reisemål enn Noreg.

– Vi kan kanskje regne med ein nedgang på om lag tjue anløp i forhold til 2014, seier Birger Flem, hamnesjef i Ålesund.

Akkurat no ligg hamna i Ålesund tom etter ein sommar der det har vore rekordtrafikk med cruisebåtar. Men både her og i mange andre norske hamnar blir det færre festdagar med tusenvis av cruiseturistar neste år. Anløpslista for 2015 blir nemleg kortet inn.

Strengare krav

Forureinande utslepp frå turistskipa er eit miljøproblem, men frå 1. januar blir det innført strengare krav til reint drivstoff for skip som går i Nordsjøen til og med 62. breiddegrad. Skip som går på tungolje vil dermed gå til andre land.

– Desse reglane vil ikkje gjelde alle plassar. Blant anna vil Middelhavet og den fjerne Austen vere unntatt dei krava som vil gjelde her, seier Flem.

No fryktar bransjen at strengare miljøkrav til cruisebåtane fører til nedgang i trafikken neste år.

– Når talet på båtar minskar så vil det sjølvsagt vere ein konsekvens at talet på turistar også minkar, seier hamnesjefen.

Ingen svartmåling

Færre anløp kan føre til mindre inntekter for hamnene, men også turistnæringa førebur seg på nedgang neste år. Likevel vel dei ikkje å sjå alt for mørkt på framtida.

– No har det blitt meldt litt større båtar neste år. Talet på passasjerar vil gå ned, men eg trur ikkje det vil gå så mykje ned, seier Geir Steinar Vik, direktør hjå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

I år besøker om lag 130 turistbåtar Ålesund, neste år blir det kanskje berre 100. Likevel er det positive haldningar til eit strengare krav om reint drivstoff.

– Vi er eit land med mykje rein og urørt natur. På sikt så trur eg dette faktisk kan vere med på å byggje opp under den bodskapen, seier Vik.

– Eg trur det kan bidra til å sterke oss som turistdestinasjon, held han fram.

Hamnesjefen er samd.

– Så lenge turistane vil til Noreg, og vil betale for det, så kjem cruiseskipa til å kome, seier Flem.