Hopp til innhold

Dette er kaffiekspertane sitt årlege mareritt

Same kor dyktige baristaane er, får dei ikkje til å lage cappuccinoen slik den skal vere på visse tider av året.

Cappuccino

Om sommaren får slit baristaane med å lage presentable mjølkebaserte kaffibar. I koppen til venstre har hjartet av mjølk forsvunne etter berre få sekund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

André Klevberg

André Klevberg har drive kaffibar i 16 år. Kvar sommar opplever han at mjølka er annleis.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På kaffibaren Invit i Ålesund går kaffimaskina konstant. Både turistar er innom og stamkundar. Men ikkje alt er som det skal vere. Mjølka spelar ikkje på lag, og forsøket på å lage eit fint hjarte i cappuccinoen, går ikkje.

– I eit par periodar i året, opplever vi at mjølka oppfører seg annleis, seier dagleg leiar André Klevberg.

Den stima mjølka boblar i kaffikoppen og øydelegg hjartet. Til slutt ser det berre grumsete ut.

Sjekkar maskina

Åse Stensvaag

Åse Stensvaag får ikkje mjølka til å spele på lag i dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I 16 år har han drive kaffibar og han har etter kvart lært seg at det ikkje er nokon grunn til å få panikk. Bestandig når fenomenet inntreff, plar dei sjekke om det er noko gale med maskina eller om dei sjølve har ein dårleg dag.

– Når vi pratar med kollegaer opplever dei akkurat det same, og då veit vi at dette har vi vore gjennom før. Det betyr rett og slett at vi er inne i ein periode der mjølka er annleis, seier Klevberg.

Kan vere fôret

Ole Sønstebø er kursansvarleg i Norsk Kaffiinformasjon. Han kjenner til problemet med at mjølka ikkje får den teksturen den skal etter stiminga.

– Kompetente baristaar som veit korleis mjølka skal stimast og har kontroll på temperaturen, kan oppleve av og til at skummet ikkje blir slik det skal, same kva dei gjer, seier Sønstebø. Han kan ikkje seie kva det skuldast, men trur det har med kva kyrne et eller kva vaksine dei tar.

– Mjølk er jo eit naturprodukt, og eg vil tru at den vert påverka av fôret til kyrne. At den kan vere forskjell når kyrne står på bås og når dei kjem ut på beite, seier Sønstebø.

Smakar annleis om sommaren

Håvard Steinshamn

Forskar Håvard Steinshamn i Bioforsk seier at mjølka forandrar seg på ulike tider av året.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Forskar Håvard Steinshamn i Bioforsk meiner at både fôret og mengde for påverkar korleis samansetninga i mjølka vert.

– Dersom kua får gå på beite, vert mjølka anna enn den vi får om vinteren, seier Steinshamn.

Både farge og smak endrar seg. Det vert også større mengder fleirumetta feittsyrer i mjølka, som gjer at smøret vert mjukare. Proteininnhaldet vert også endra.

Kremen vert ikkje stiv

Før i tida heitest det at kremfløyten ikkje vart stiv på denne tida av året og at mjølka vart fortare sur. Hundedagane som varer frå 23. juli til 23. august fekk skulda.

Ida Marion Berg Hauge, dagleg leiar ved Opplysningskontoret for meieriprodukt, seier at det slett ikkje er usannsynleg at dette skjedde i gamledagar. Det kan skuldast at folk hadde dårlege moglegheiter til å kjøle ned mjølka.

– Med vår teknologi, burde ikkje dette vere noko utfordring, seier Berg Hauge.

Ligg i bilen

Mjølka skal halde riktig temperatur heile vegen frå den vert henta hos bonden til den kjem i butikken.

– Det kan sjølvsagt hende at den som kjøper mjølka på ein varm sommardag, let den ligge for lenge i bilen før kartongen kjem i kjøleskapet. Det er heller ikkje same kvar i kjøpeskapet du oppbevarer mjølka, seier Berg Hauge.

Aller helst bør mjølka ligge nedst i kjøleskapet, der det er kaldast. Mange sett den likevel i døra.

Må sei unnskyld til kundane

På kaffibaren i Ålesund avviser Klevberg at dei ikkje kjøler ned mjølka riktig. Han er overtydd om at svaret ligg hos kua. Uansett årsak plar han forklare kundane at kaffien ikkje ser så fin ut som han skal.

– Vi er jo stolte av det vi held på med og vil vere best mogleg. Når vi får eit resultat som ikkje ser visuelt bra ut, så då må vi gi eit hint til kunden, seier Klevberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL