Hopp til innhold

VM-aktuell: – Eg har knapt sove på ei veke

Torsdag fekk Tale Fiskerstrad Gjørtz gladmeldinga om at ho får ro i VM om tre veker.

Tale Fiskerstrand Gjørtz

Torsdag fekk roaren Tale Fiskerstrand Gjørtz frå Ålesund vite at ho får bli med til VM i Amsterdam om tre veker. Det gler ho seg veldig til.

Foto: Esther Verburg / Norges Roforbund

Roaren frå Ålesund har hatt ein krevjande sesong med mykje sjukdom. Ho var nøydd til å klare dei siste krava for å få bli med til senior-VM i Amsterdam – og det gjorde ho med glans.

– Eg er veldig glad men også letta. Denne sesongen har vore full av lærerike nedturar – og det er godt å kome litt frampå igjen, seier den unge roaren som er tatt ut til Singlesculler for kvinner.

Kollega Martin Helseth blei teken ut tidlegare denne veka. Fiskerstrand Gjørtz har ikkje stilt i world cupane i år på grunn av sjukdom, og sjølv om ho allereie stod på uttakslista måtte ho kvalifisere seg til VM i dag.

Friskare Tale klar for VM

Ho har vore veldig spent fram mot uttaket og fortel at ho knapt har sove på ei veke.

– Eg har vore mykje sjuk dette året. Eg gjekk lenge med kyssesjuka utan å vite det, og i staden for å kvile for å bli frisk så trente eg som normalt. Difor tok det lang tid før eg blei betre.

Travelt program med mykje kvile

Men no er kroppen betre – og det skal feirast. Torsdag kveld sit Tale i bilen heim frå trening – og fortel at VM-plassen skal feirast med litt ekstra god mat og drikke.

– No blir det tre veker med mykje roing, men grunnlaget er allereie lagt, så eg får også eit travelt program med mykje kvile. Det er viktig at eg har overskot når eg kjem til Amsterdam, seier ho.

– Eg får feire endå meir etter at VM er ferdig.

Tale Fiskerstrand Gjørtz

Om tre veker skal tale Fiskerstrand Gjørtz ro i VM i roing i Amsterdam.

Foto: Norges Roforbund