– Eit nederlag dersom Arbeidarpartiet ikkje klarer å stille liste i alle kommunane i fylket, meiner fylkessekretæren.
I 2011 klarte ikkje partiet å stille liste i Midsund, og det var første gongen på fleire tiår at Arbeidarpartiet ikkje hadde liste i alle kommunane.
– Vi har eit mål om at vi skal klare å stille lister i alle dei 36 kommunane. Vi i fylkespartiet har skaffa oss oversikt over korleis situasjonen er i dei enkelte kommunane, og vi vil følge opp dei kommunane som treng det.
– Er det litt pinleg å ikkje klare det?
– Eg veit ikkje om eg vil kalle det for pinleg. Men det er eit nederlag viss vi ikkje klarer det, seier Ekhaugen.
- Les også:
Mange takkar nei etter ein periode
Under valnatta for tre år sidan venta folk i spenning på resultatet frå sin kommune. Men i Misund var det ingen som venta på Arbeidarpartiet, for her stilte dei ikkje med liste. For første gang på fleire tiår klarte ikkje Ap å stille liste i alle kommunane i Møre og Romsdal. Også ved neste år kan det bli ei utfordring.
– Etter å ha kartlagt dei ulike kommunane ser vi at det er fire-fem kommunar vi må følge opp vidare. Vi kjem nok til å møte på fleire utfordringar. Eg vil heller ikkje seie at det er vanskelegare å få folk til å engasjere seg i politikken, men det er veldig mange som takkar nei etter å ha sete ein periode, seier fylkessekretæren.
Han undrast over kvifor folk ikkje vil sete lenger enn i ein periode.