Hopp til innhold

18 måtte røme frå båtbrann på Vigra

GISKE (NRK.no): 18 personar måtte rømma frå båten Nordstar då det tok til å brenne i lasterommet fredag formiddag. To personar er sende til helsesjekk med røykskadar.

Båtbrann

Båten Nordstar låg ved kai på piren ved Subsea 7 på Vigra då det tok til å brenne i lasterommet.

Foto: Terje Reite / NRK

Det tok til å brenne i lasterommet på trålaren like før klokka 11.00. Det var på 18 personar om bord. Blant dei 18 var det både mannskap og tilsette i andre firma som var på båten for å utføre arbeid.

Fleire utrykkingskøyretøy frå brannvesenet i både Giske og Ålesund kom raskt til staden. Brannen blei sløkt, men i fleire timar etter på gjekk det føre seg arbeid om bord, for å kjøle ned brannstaden og for å legge til rette for etterforsking.

– Vi kjenner førebels ikkje årsaka til brannen, men fastslår at det har vore ein brann i lasterommet, seier politibetjent Karl Jonas Volen til NRK.

Også deler av mannskapet var med på sløkkinga av brannen.

Båtbrann Nordstar

Brannen førte til full utrykking frå brannvesenet både i Giske og Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Politiet har førebels ikkje oversyn over kor store skadane om bord er. Men det har vore mykje røyk. Halvannan time etter at brannen blei sløkt, brukte brannmannskapa framleis røykdykkarutstyr, for å unngå å bli eksponerte for giftig røyk.

– To personar er sende til helsebistand fordi dei fekk i seg mykje røyk då dette skjedde, seier Volen.

Båtbrann Nordstar

Politiet starta umiddelbart med å avhøyre dei som var om bord på båten.

Foto: Terje Reite / NRK

Fredag formiddag gjennomførte brannvesenet søk i heile båten for å fastslå at det ikkje var fleire personar om bord. Samstundes innhenta politiet opplysningar for å belyse det som skjedde.

– Vi hentar inn vitneopplysningar frå dei som kan ha sett noko. Vi vurderer også å setje i verk ei åstadsundersøking når det ikkje er meir røyk att og det er mogleg å arbeide i lasterommet, seier Volen.

– Gjekk det føre seg noko arbeid då det tok til å brenne?

– Ja, det gjekk føre seg arbeid der, ven vi veit ikkje noko om årsaka til brannen. Og på båten var det både mannskap og arbeidarar som medverka i arbeidet som gjekk føre seg på båten, seier Volen til NRK.

Brannbil Giske

Denne brannbilen var ein av fleire som var i aksjon i samband med båtbrannen. Han kan kanskje sjå gamal ut, men har ikkje passert 40 år enno. Han skal vere god å ha i ulendt terreng, og brannmannskapet skryt av kapasiteten på pumpene på denne bilen.

Foto: Terje Reite / NRK