Hopp til innhold

Politiet aukar beredskapen i Møre og Romsdal

VIGRA/ÅLESUND/KRISTIANSUND (NRK.no): Politiet i Møre og Romsdal aukar beredskapen etter opplysingar om ein planlagt terroraksjon mot Noreg.

Politi

Terrortrusselen vert teken på alvor: Klokka 12.20 kom desse væpna politibetjentane til flyplassen på Vigra ved Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

NRK Møre og Romsdal oppdaterer saka:

Personar med tilknyting til ei gruppe i Syria har planar om å gjennomføra ein terroraksjon i Noreg i løpet av få dagar, opplyser PST-sjefen på ein pressekonferanse torsdag.

Væpna politi

Politiet på Vigra er væpna med handvåpen.

Foto: Terje Reite / NRK

Politidirektoratet har teke kontakt med alle politidistrikta i landet, og beredskapen er auka.

Synleg politi

Ove Brudevoll

Fungerande politimeister på Nordmøre og i Romsdal, Ove Brudevoll.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Ingar Bøen

Fungerande politimeister på Sunnmøre, Ingar Olav Bøen.

Foto: Jannicke Farstad

Fungerande politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt Ove Brudevoll seier dei sit i eit planleggingsmøte akkurat no. Han opplyser at det kjem til å vere både synleg politi og sivilt politi på flyplassen, busstasjonar, hamner og andre trafikknutepunkt.

Det er særleg trafikknutepunkt med trafikk frå utlandet som får spesiell merksemd. På Sunnmøre gjeld dette i første rekkje flyplassen på Vigra.

– I Sunnmøre politidistrikt har vi éin flyplass med flygingar til utlandet. Det er Vigra. Denne flyplassen får ekstra merksemd frå oss no, seier fungerande politimeister ved Sunnmøre politidistrikt, Ingar Bøen til NRK.

– Det blir altså synleg politi der?

– Mellom anna på flyplassen på Vigra blir det synleg politi, ja, seier Bøen. Men folk vil sjå at det er også meir politifolk ute enn det som er vanleg, legg han til.

Har nok folk

Ein del av politistyrken som er ute kjem til å vere væpna.

– I den auka beredskapssituasjonen vil det inngå både uniformert og sivilkledd politi, opplyser Bøen.

– Det er sommar og ferieavvikling no. Har de nok folk til dette?

– Ja, vi har nok folk til å auke beredskapen.

Norske Shell i møte

Også hos Norske Shell gjer dei no vurderingar i forhold til terrortrusselen.

– Vi ønskjer ikkje å kommentere kva konkrete tiltak vi set i gang. Men det er klart vi tek trusselen på alvor, seier kommunikasjonsdirektør Andreas Lunde i A/S Norske Shell.

Dei sit no i møte for å diskutere kva dei skal gjere. Ormen Lange-feltet ligg omtrent 100 kilometer nordvest for Kristiansund og er det nest største gassfeltet som er påvist og sett i drift utanfor norskekysten. Ormen Lange-anlegget ligg på Nyhamna i Aukra kommune.

Politi flyplass

Politiet er på plass i avgangshallen på Vigra.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Usikker situasjon

På pressekonferansen torsdag formiddag opplyste PST at dei har opplysningar som tyder på at ein terroraksjon er planlagt gjennomført i Noreg om kort tid.

– Det handlar truleg om få dagar, sa PST-sjef Benedicte Bjørnland.

  • Uvisst kven som står bak eller kva/kven åtaket er retta mot
  • Ber borgarar vera på vakt
  • Åtvarar mot å fordømma einskilde grupper i samfunnet
  • Væpna politi voktar grenseovergangar, flyplassar, togstasjonar
  • Regjeringa har sett stab

Ingen spesielle råd

Fungerande politimeister på Sunnmøre, Ingar Bøen, vil ikkje gje noko spesielle råd om korleis publikum skal forhalde seg til trusselen.

– Vi har ikkje andre råd enn det som blei sagt på den sentrale pressekonferansen. Det er ikkje noko spesifikt råd om kva ein skal gjere eller ikkje gjere, seier Bøen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL