Hopp til innhold

Driv anleggsarbeid for moro skuld

Dei færraste kan køyre lastebil og gravemaskin når dei føler for det, men i Velledalen kan den som vil få prøve seg på utgåver i miniformat.

RC lastebil Sykkylven

Breie glis og djup konsentrasjon – det er dei typiske ansiktsuttrykka blant dei som driv med radiostyrte gravemaskiner og lastebilar.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Velledalen

Trass i vakkert påskevêr i Velledalen langfredag, valde mange å ta turen til det nyopna RC-anlegget.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK
Tor-Erik Slettvold

Tor-Erik Slettvold fekk sin første radiostyrte bil i 2009, og trur det vil bli fleire med åra.

Foto: Privat
Kebabsjappe i miniatyr

Den 600 kvadratmeter stor anleggsplassen har også ein eigen ein rasteplass med kebabsjappe.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK
RC lastebil Sykkylven

Personleg utforming av køyretøya er ein del av moroa for RC-entusiastane.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK
Radiostyrte lastebilar

Dette er ikkje slikt ein kjøper på den næraste leiketøysbutikken.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Det er ein hobby eg kjem til å halde med lenge. Det er utruleg kjekt, fortel Tor-Erik Slettvold som er leiar i RC Lastebil Sykkylven.

Klubben, som har eksistert sidan 2009, er til for dei som engasjerer seg i radiostyrte køyretøy i skalaen 1:14.

– Vi køyrer og leiker oss. Tek oss ein kaffi, pratar, planlegg og løyser problem på bilane. Det er både sosialt og spennande å halde på med denne hobbyen, seier klubbleiaren.

Gigantisk tumleplass

I ein nedlagt fabrikk øvst i Velledalen i Sykkylven har ein gjeng dedikerte karar bygd opp eit innandørs anlegg på 600 kvadratmeter der ein kan køyre gravemaskina og anleggsmaskinar.

Dei siste månadane har det bli lagt ned tallause dugnadstimar i anlegget – som vart nyopna for publikum i påska.

– Vi hadde ei lokale før som var mykje trongare, men no har vi fått nok av plass til å boltre oss på, seier Slettvold fornøgd.

Yrkessjåførar også på fritida

Dei 17 aktive medlemmane har det no lyst og romsleg ikring seg. På opningsdagen var det eit eige kafèhjørne med sal av sveler og trailersjokoladekake. Langs dei mange fabrikkvindauga stod skodelystne små og store. Somme fekk sikra seg plass på ventelista for å få prøvd dei avanserte leikebilane, medan andre måtte vende skuffa heim på grunn av den store pågangen.

– Vi håper at medlemstalet vil stige no etter opninga og eventuelt seinare treff, seier klubbleiaren og legg til at han gjerne skulle ha sett fleire unge medlemmar. I dag har klubben medlemmar frå åtte år og opp til 50-årsalderen.

– Nokre av medlemmane jobbar som yrkessjåførar til vanleg, medan andre berre er fascinerte av hobbyen, seier Slettvold som sjølv køyrer truck på eit lager når han ikkje driv med radiostyrte bilar.

Dyr hobby

Sjølv om mange små hender nok klør etter å få fingra i dei avanserte radiobilane, er det like fullt hovudsakleg vaksne som har anledning til det.

– Ein kan sleppe billeg unna med ein lastebil til rundt 5000 kroner. Då er det nokså simpelt, og akkurat nok til at det fungerer. Men derifrå og oppover kan det fort bikke 30–40 000 kroner, seier Slettvold.

Så dyre leiker må ein behandle skikkeleg, og det går også mykje tid med til stell og vedlikehald, forklarar RC-entusiasten.

– Over halve jobben er å setje saman bilen og skape eit personleg preg på han. Det går med veldig mange timar til å bygge ein bil.

Vil arrangere konkurransar

Ifølgje Slettvold finst det om lag ti tilsvarande klubbar i Noreg. Den næraste naboen er RC Lastebil Vågsøy i Måløy i Nordfjord.

– RC-miljøet veks månad for månad, men er førebels ikkje så utbreidd blant folk flest. Vi driver i det små, men forsøker å gjere det litt større, seier Slettvold.

Førebels er det berre for moro skuld når medlemmane køyrer grus med dei radiostyrte bilane sine, men snart kan det også bli aktuelt med konkurransar.

– Vi er i utgangspunktet organiserte i Motorsportforbundet for å få organisasjonsnummer, men vil etter kvart legge opp til å arrangere ferdigheitskonkurransar også.

Du kan lese meir om RC Lastebil Sykkylven på nettsidene deira.

RC lastebil Sykkylven

Å køyre grus er ein av dei mange tinga ein kan gjere med dei avanserte radiostyrte bilane i RC-miljøet i Velledalen.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK