Hopp til innhold

– Flagget til topps i Halsa, med atterhald

Måndag kveld vart det klart at ferjefri E39 vil innebere bru over Halsafjorden. Ordføraren gler seg over nyheita, men tek ingenting for gitt.

Flytebru Halsafjorden

Ei skisse for korleis ei bru over Halsafjorden kan bli sjåande ut. Måndag kveld gav regjeringa klarsignal for brubygging som del av ferjefri E39.

Foto: LMG Marin / Montasje

– For oss er dette ein viktig milepæl. Vi har sett på brua som det mest realistiske alternativet over lengre tid, så når vi får så grei avklaring, så er vegen fram mot realisering innan rekkevidd, seier ordførar Ola Rognskog (Sp) til NRK måndag morgon.

Stadfestinga frå regjeringa kom under ein pressekonferanse om i Ålesund måndag kveld. Der vart det klart at ferjefri E39 skal gå frå Hareid til Sula, frå Nerås til Otrøya og over til Molde, samt med hengjebru over Halsafjorden.

– Mykje arbeid står att

Ola Rognskog

Halsa-ordførar Ola Rognskog (Sp) feira med kaffi og kake måndag kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ambisjonen for er no å få status som brupilotprosjekt. Rognskog seier mykje arbeid står att for å sikre at lovnaden gir resultat.
– Det er flagget til topps, men med atterhald. Det er ein lang veg fram, men dette var ei nyttig avklaring.

Korleis prioriteringane av tiltaka blir gjort, vil bli vurdert nærare i arbeidet med Nasjonal transportplan i perioden 2018–2027.

– Det vart understreka at ingen prosjekt vil bli gitt fortrinn, forrang eller prioritet. Det vil først kome om tre år når NTP skal rullerast på nytt. Fram til då er vi avhengige av konseptavklaring for å kunne gå vidare i planlegginga. Det krev mykje arbeid på eit så stort prosjekt, seier ordføraren.

Betre ferjetilbod

Bru eller ei, samferdselsdepartementet har på kort sikt lova ei betring av ferjetilbodet mellom Halsa og Kanestraum. Kapasiteten i sambandet har lenge over sprengt.

– Det viktigaste no er å syte for at dagens trafikantar får god hjelp. I åra framover er det framleis ferjene som gjeld, og då er det godt å vite at kapasiteten og frekvensen blir betra.

Viktig avklaring

Møreaksen

Møreaksen vil bli ein del av ferjefri E39. Om det vert bru til Aukra er framleis usikkert.

Foto: Møreaksen

Forutan hengebrua over Halsafjorden, inneber planane i Romsdal og Nordmøre ein undersjøisk tunnel under øya Tautra over til Otrøya, deretter hengjebru over Julsundet. Strekninga mellom Molde og Bergsøya vil ta utgangspunkt i dagens trasé frå Molde.

– Dette er eit av dei prosjekta som Vestlandsrådet også har prioritert høgt. Det har derfor vore viktig med den avklaringa som regjeringa no har kome med, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.