Hopp til innhold

– Kan gå nedover for oljenæringa

Veksten i oljenæringa i Møre og Romsdal, kan få ein pause etter mange år med oppgang.

Fra Ulstein verft

Statoil står for rundt 80 prosent av oljeaktiviteten i Noreg. Bilete frå Ulstein verft.

Foto: Torleif Hagen

Veksten i oljenæringa i Møre og Romsdal, kan få ein pause etter mange år med oppgang fordi Statoil vil ned med kostnadane, meiner Helge Hegerberg som er oljemedarbeidar i Kristiansund kommune.

Statoil står for rundt 80 prosent av oljeaktiviteten i Noreg. Hegerberg meiner at når dei skal spare får det verknader for servicenæringa.

– Dei siste ni åra har oljenæringa vore i ei flytesone der alt har gått av seg sjølv. Og for det meste rett opp. Men til slutt kjem ein til eit punkt i bransjen der kostnadsnivået er for høgt og ein del marginale prosjekt vert utsett, seier oljemedarbeidaren.

Uvisse i oljenæringa

Gassrøyr frå Kristinfeltet mot Polarled vart nyleg droppa, og tidlegare vart Linnorm-utbygginga utsett. Det er litt uvisse i miljøet i Møre og Romsdal om det kan kome fleire sparetiltak.

– Det er uvisse langs heile kysten når Statoil flyttar på brikker. Dei er kjempestore, og har rundt 80 prosent av oljeaktiviteten i Noreg. No vert det jakt på kostnadane, og ikkje mist etter gode løysingar, seier Hegerberg.

Olje og gass

Møre og Romsdal har 231 verksemder innan olje- og gassnæringa. Sør-Trøndelag har 181 og Nord-Trøndelag 34.

Foto: Skjermdump / Impello

Må ned med kostnadane

Han seier at dei vil ha nyare teknologi og bruke forsking. Han seier at dette vil ikkje ha noko å seie for basen på kort sikt, men det er nok ein del jobbar som det vil bli diskusjon rundt.

– Statoil seier at vi skal ned med produksjonsnivået og kostnadane, og vi veit ikkje enno kva som vil skje med jobbane rundt omkring. No skal vi ha dugnad for å få tilbake konkurransekrafta på norsk sokkel, seier Hegerberg.

– Men vi er veldig heldige fordi vi har det største byggeprosjektet i Europa, som er ei lang gassrøyrleidning frå Nyhamna. Det er framleis 260 brønnar i full jobb ute på havet, seier Hegerberg.

Polarled er ei ny 480 kilometer lang gassrøyrleidning frå Aasta Hansteen til Nyhamna i Møre og Romsdal. Røyrleidningen er løysinga for å byggje ut Aasta Hansteen og andre felt i Norskehavet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL