Hopp til innhold

Mystiske maurtuer forbausar turgåarar

Turfolk stussar, dei som veit, smiler. Flittig maur har for lengst gått til ro for vinteren, men "husa" dei bygde i sommar, er raserte.

Maurtue

Mystiske hol og tunnelar i maurtuer forundrar og forargar turgåarar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Noko så simpelt! Tenk å øydelegge på denne måten!

Turfolk er opprørte over synet dei møter i skog og mark. Tallause maurtuer i granskogane på Vestlandet får ikkje vere i fred. Tuene er gjennombora av hol, groper og lange tunnelar.

Teoriane om kva som har skjedd er mange. Hærverk, mus, rev og jerv er dei mest vanlege forklaringane turfolk diskuterer.

Eit trist og merkeleg syn

Magnus Ødegård, Oddhild Ødegård, trimtur

Snøfri vinter har avdekt mange uthola maurtuer. Oddhild og Magnus Ødegård har sett mange slike i skog og mark.

Foto: Privat
Hund ved maurtue

Pan er stolt over å ha oppdaga nok ei maurtue der nokon eller noko har vore på ferde.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ekteparet Oddhild og Magnus Ødegård går mest dagleg på trimturar i heimbygda Sykkylven. Særleg lokkar setervegane som snor seg gjennom granskogen i Velledalen.

Vi passerer maurtue etter maurtue som er ramponert. På ein times tur ser vi opptil åtte–ti tuer som så å seie er øydelagde, fortel Magnus og ristar overgitt på hovudet.

Han fortel at tuer både i tett granskog og i meir ope landskap er ramma.

– Alle vi møter undrar seg over kven som er på ferde, for dette er eit trist og merkeleg syn, seier Magnus.

– Slikt har vi aldri sett før, legg Oddhild til. Ho har gått i same området sidan ho var ei lita jente, og synest gåta om maurtuene er mest uforklarleg.

Ekteparet har diskutert om det kan vere reven som herjar. Dei har også vore inne på tanken om at mår eller mus kan vere på ferde.

Vi kan ikkje forstå at det er gjort av menneskehand, i alle fall. Så simple kan ingen vere, meiner dei.

Uthola maurtuer er slik det skal vere

Alv Ottar Folkestad

Ornitolog Alv Ottar Folkestad meiner det er leitt at folk flest ikkje kjenner fuglelivet i eige nærmiljø betre.

Foto: Terje Reite / NRK
Alexandra Sørensen

Alexandra Sørensen har undra seg lenge over kven som laga hola i maurtuene. Ho er glad for at verken born eller vaksne har skulda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Naturforskar og ornitolog Alv Ottar Folkestad gir turfolket på Vestlandet rett i at gjennombora maurtuer kan vere eit sjeldan syn. Maurtuer er det flust av fordi granskogen har spreidd seg mest over alt på Vestlandet siste tiåra.

– Den uvanleg milde vinteren i landsdelen, gjer at folk oppdagar nye fenomen i naturen. Vanlegvis ligg snøen som eit vernande teppe over tuene. I år er dei heilt «nakne».

Dermed ligg maurtuene altså synlege og lett tilgjengelege.

– At tuene berre har greiner på grantrea til skjul, veit dyr og fuglar å nytte seg av, seier den erfarne fugleelskaren.

Han er slettes ikkje overraska over dei mange gjennombora, uthola maurtuene. Tvert om.

– Dette er slik det skal vere, smiler han, vel vitande om kven som er på ferde i maurlandet i vest.

– Det er grå- og grønspetten som meskar seg med vinterdoven maur, avslører ornitologen.

Han fortel at grå- og grønspetten kan hakke seg opptil ein halv meter innover og nedover i tua for å finne lekkerbiskane. Med tunga sleiker dei i seg både maur og larvar med god appetitt.

– Så her skal ingen tobeinte utan fjør ha skulda, slår Folkestad fast.

– Å, så bra!

Ni år gamle Alexandra Sørensen går nesten dagleg på tur i lag med mor og far. Ho likar å gå på oppdagingsferd i skog og mark, og også ho har lenge undra seg på kven som har herja i maurtuene. No er ho letta og glad over at det ikkje er born eller andre som har vore ute med rampestrekar.

– Puh! Så bra at det ikkje er folk som finn på slik ting, seier ho straks mysteriet er avslørt.

Kva tenkte du første gong du oppdaga alle hola og tunnelane i tuene?

– Eg tenkte berre; «hæ, nei, men. Kven har gjort dette, då?». Ingen av oss forstod det døyt. Vi lurte att og fram på kven som hadde laga holene. Eg synest det er bra at det er fuglar som har gjort det. Men stakkars maur! Tenk å ligge der nede i tua og sove og ane ingenting, og så kjem der ei lang tunge og sleiker deg i seg. Æsj!

Den nebbete «syndaren»

Grønnspett på leting etter larver og innsekter i barken på gammel-rogna.

Grønspetten nøyer seg ikkje med maur. Den leitar også etter larvar og insekt i barken på gamle-rogna.

Foto: Lars Olav Handeland

Spettane med så god matlyst at dei gjennomborar maurtuer, trivst god i granskogen. Grønspett held seg helst i skogane i innlandet og fjordstroka, medan gråspett trivs best i opnare terreng ute ved kysten.

Begge er utstyrte med kraftig nebb og ei 10 centimeter lang tunge. Dei hakkar seg gjennom kvist, nåler og bar på leit etter maur i dvale. Grønspetten er størst og lagar dei største holene. Men begge hakkar seg så langt inn i tuene som dei må for å finne maten, seier Folkestad.

– Om vinteren søkjer mauren saman heilt nedst i tua og går til dvale der. Ofte lagar dei også gangar langt under bakken for å verje seg mot kulde og inntrengarar. Ei maurtue kan innehalde frå eit par hundre tusen til ein million maur eller meir. Så her er det litt av eit matmat for spettane, seier Folkestad.

To måltid maur for dag

Maur er ein sjølvsagt del av vintermenyen til grå- og grønspetten, slår Folkestad fast. Han har studert spettane på nært hald i mange år, og seier dei forsyner seg av det bardekte matfatet morgon og kveld.

– Dei finn tak i tuene Første måltidet leitar dei opp ved soloppgang, det andre like før dei går til ro for natta. Matfatet er sjeldan så tilgjengeleg som i år, så dei er nok stappa mette når sømnen tek dei.

Gråspett

Gråspetten er litt mindre enn grønspetten, men like kjapp i jakta på godteri i tre, i jord og maurtuer som den større fetteren grønspetten.

Foto: Gunn Nyborg

Farefull ferd for full mage

Det er på ingen måte ufarleg for dei fjørkledde å ta seg inn i maurtuene.

– Dei er svært sårbare når dei er «i arbeid» med tuene. Andre rovfuglar og rovdyr angrip gjerne om dei oppdagar at stjerten deira. Hovudfienden er hønsehauken som gjerne stuper ned og gjer kort prosess, seier ornitologen.

Men spettane kan også klare å forsvare seg ved angrep.

– Denne typen fuglar er ganske kraftige, og brukar nebbet intenst viss røyskattar, rev eller mår prøver å glefse etter dei. Kvikke som dei også er, reddar dei faktiske ofte livet, seier Folkestad.

Reparerer tuene

Naturen er i sitt mangfald både brutal og mild. Og det er ikkje berre spett, men også hjort, bjørn og elg som kan gå laus på maurtuer og forsyne seg av dei små krypa som ligg i dvaleliknande tilstand.

– Når større dyr er på ferde, blir tuene verkeleg ramponerte. Då kan dei bli totalt øydelagde, seier Alv Ottar Folkestad.

Han understrekar at sjølv om både mauren og «husa» deira er sårbare i snøfattige vintrar, gir ikkje den arbeidssame mauren opp.

– Det er ikkje prekært for maursamfunna at fuglar punkterer tuene deira. Når sola igjen steiker for fullt og sommaren bankar på døra, set dei i gang og reparerer tuene igjen og igjen. Dei gir aldri opp!

Så får det vere trøysta for turfolk og andre som blir opprørte og spørjande til naturens gang, også i granskogane på Vestlandet.

Under grantrea ligg maurtuene som grønspetten elskar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL