Hopp til innhold

– Vi skal bruke tida vi treng for å finne ny trenar

Mange blei overrumpla då Lars Arne Nilsen i går gjorde det klart at han går av som Hødd-trenar. No har prosessen for å finne etterfølgjaren starta.

André Nevstad

Hødd startar no arbeidet med å finne ny trenar, seier dagleg leiar André Nevstad.

Foto: IL Hødd

Lars Arne Nilsen har vore hovudtrenar i Hødd sidan 2008. I går fortalde han at han går av, eitt år før kontrakten går ut.

No vil vi ha ro rundt arbeidet med å skaffe ny trenar, seier dagleg leiar i Hødd, André Nevstad.

– Samtalar med trenarteamet

Han fortel at prosessen er i gang. I dag har det vore samtalar med dei som har vore med i trenarteamet rundt Nilsen.

Vi har prioritert å ha samtalar med folka som har arbeidd i teamet saman med Lars Arne Nilsen. Dei har gjort ein god jobb, og mange av dei representerer kontinuitet i klubben, seier Nevstad.

Lars Arne Nilsen går av som Hødd-trenar. Han ser tilbake på ei fantastisk tid i Hødd med Cupgullet i fjor som det store høgdepunktet.

Nilsen går av som Hødd-trenar. Her grunngjev han avgangen.

– Ikkje låst oss til tidsplan

Den aktive sesongen er over for Hødd. Men arbeidet i ein toppklubb stoppar aldri heilt. Planlegginga av komande sesong er i gang, og oppkøyringa startar like over nyttår.

Vi må bruke den tida vi treng. Og vi har ikkje låst oss til nokon tidsplan. Men vi skal jobbe hardt og effektivt. Jo fortare vi får ting på plass, jo betre er det, ikkje minst når det gjeld å få på plass ein spelarstall til neste år, seier Nevstad.

4 spelarar på utgåande kontrakt

Hødd har fleire spelarar som er på utgåande kontraktar. Dette gjeld Jan-Lennart Urke, Ruben-Kenneth Brandal, Andreas Rekdal, og Eirik Ulland Andersen. Andre Nevstad medgir at det hastar å snakke med desse medan trenarsituasjonen framleis er uavklart.

Vi har samtalar med desse spelarane. Men det er også naturleg at den nye trenaren er med på oppbygginga av spelarstallen for komande sesong, seier Nevstad. Han legg til at Hødd har eit godt grunnlag i årets spelarstall.

– Han skal passe oss

Så langt har ikkje Hødd laga nokon skriftleg profil for kva kvalitetar den nye trenaren skal ha. Men det ligg klare krav i klubben om kva slag trenar dei vil ha.

Dette vert tydelegare gjennom den prosessen vi startar no. Og det er kart at vi skal ha ein trenar som passar oss. Vi vil byggje på det arbeidet som har vore drive her dei siste åra. Vi går ikkje inn for noko som vil medføre at alt vi har arbeidd med blir snudd opp ned, seier Nevstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL