Hopp til innhold

Kvinne er bombesikker på at ho såg ein ulv som luska rundt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I åttetida i dag skal ei kvinne ha sett ein ulv like ved ein gard i Sunndal. Ulven sprang opp i eit skogholt.

Kvinna kom køyrande ned Gråura i Sunndal då ho fekk auge på dyret. Ho var så nær ulven at ho seier til politiet at ho er skråsikker på at det faktisk var ein ulv.

– Kvinna var så trygg på det ho såg at ho ville gi bort bilen sin dersom det ikkje stemmer, seier operasjonsleiar Jan Erik Kjelle ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ulven gjekk like ved ein gard der det var mange sauer ute på beite. Kvinna stoppa bilen og såg at ulven sprang over jordet, over ein veg og vidare opp i skogen.

Politiet ber no andre som har sett ulven, om å ta kontakt.

I fjor haust vart det gitt fellingsløyve til ein ulv i Møre og Romsdal, med Rauma, Nesset, Sunndal og Norddal som lovlege kommunar. Bakgrunnen var at fleire bønder i Lesja og Rauma miste sauene sine.

LES OGSÅ: