– Alt dei rakk å seie var at det brenn om bord, så blei det brote. Det var «slap», «bang» og full fyr. Båtbrannar eskalerer fort, seier Jan Lillebø, vakthavande redningsleiar på Hovudredningssentralen på Sola.
Både Hovudredningssentralen og politiet fekk melding om brannen like over klokka 12.30 fredag, etter naudmelding til Florø Radio.
Då hadde ein fritidsbåt, ein over 40 fots cabincruiser, byrja å brenne på Romsdalsfjorden – rett på utsida av Hjelvikbukta.
Personane om bord, far og trillingar på 10 år, meldte sjølve frå om at båten stod i full fyr.
– Dei hoppa tidleg på sjøen, der andre fritidsbåtar og andre båtar kom til unnsetning og plukka dei opp, fortel Lillebø til NRK.
Båten skal ha blitt svært raskt overtent.
Brakt til land
Fleire båtar blei sendt til staden, medan luftambulansen venta på dei fire uheldige på land.
– Dei skal vere i god behald. Dei blir frakta til kai, der luftambulanse med lege ventar for ettersyn, sa Lillebø klokka 13.20.
– Det ser ut til å ha gått veldig bra, mykje på grunn av godt sjømannsskap av folk i andre båtar, samt god jobb av Florø Radio.
Like før klokka 14.00 var alle personane trygt i land på Vågstranda.
Saka held fram under bildet.
Sendt til sjukehus
På land gjorde helsepersonell vanlege sjekkar på alle fire. Faren er sendt til sjukehus for sjekk, medan gutane er teke hand om av familien.
Årsaka til brannen veit ein lite om så langt.
– Men politi og brannvesen er på staden og vil undersøke det vidare. No blir dei fire teke hand om på best mogleg måte, før saka skal etterforskast vidare, seier Lillebø.